>NM

>I helga var det Norgesrunden, altså cup. På laurdagen spelte me mot Trio og BSI om retten til å spele mot Nyborg i “åttandedelsfinalen”. Me vann begge kampane 3-1 utan å anstrenge oss for mykje. Dagen etterpå venta derfor Nyborg sitt elitelag på andre sida i Stemmemyren. Me tapte 0-3, men spelte veldig bra, iallfall dei to første setta. Det siste vart litt stygt, men det gjer ingenting. Det var ein kjekk kamp. Kjekt å spele mot dei eg trenar med. No er det igjen tysdag. Kjedelig å gå på skulen. Eg gler meg stort til å reise til Lier på fredag for å spele rankingturnering. Eg gler meg og stort til neste helg eg har fri. Då skal eg drikke meg sanselaust full.

1 kommentar

>Helg i Øystese

>I helga var eg for det meste i Øystese. Eg reiste inn der på laurdags ettermiddag for å spele for Rossvoll mot ToppVolley. Den kampen vann me greit 3-0 utan å ta ut vårt beste. Etter kampen reiste eg heim til Børge og fekk ein dusj og god mat (sjølv om Børge meinte det var råtamat). Etterpå herja me i volleyballspelet hans, der me som Brasil tapte ein jamn kamp med stormakta Luxembourg. Etter det fekk endelig Børge sjå The Illusionist som han har mast om dei siste vekene. Trass i dei enorme forventningane var ikkje filmen skuffande. Deretter la me oss.
Dagen etter venta ein fint lite innhaldsrik dag i hallen i Øystese, som sekretariat-dude. Kjedelig. Etter det reiste eg til byn og sprang på Stadion for å sjå Brann-Stabæk. Det vart ein frustrerande kamp med ein retardert dommar og ein pinglete liten brasilianar som hovudingrediensar. Eg har nok ikkje vore så hissig på kamp på nokre år. Me tapte iallfall 1-2, noko som ikkje var fortent mot 14 mann.
I dag er det tysdag og det har vore nokre tunge dagar med kjedelig skule og lite søvn (som vanleg). Men no er det MacGyver og då ordnar alt seg.

Ingen kommentarar

>Helg i Osjlo

>Det gjekk nok ein gong dårleg for oss i helga. Me tapte 3-1 begge kampane. Den første spelte me elendig og burde ha vunne, den andre var motstanderen litt for god. Men, me gler oss til å banke barnehagebarna frå ToppVolley neste helg.

Meir

Ingen kommentarar

>Spanande helg

>Til helga ventar som skreve tidlegare Koll og OSI i Kringsjåhallen og i Domusa.
Det vert spanande å sjå om me kan reise oss etter den elendige kampen i Øystese sist. Det vert uansett ein kjekk tur. Eg skal få Børge til å skrive referat etter kampane. Eg skal iallfall prøve.
Sjølv er eg no nesten 100% etter strekken som har hemma meg dei siste vekene. Det er kjekt å kunne yte maks igjen.

2 kommentarar

>Knusing

>Dette kjem litt seint, men eg spelte i helga littegrann for Nyborg mot Kristiansund. Eg fekk ein serve og nokre rotasjonar bak. Hurra. Greit å få debutere, men det var litt kjedelig at motstanden var så dårleg. Kristiansund hadde vel ein mottaksprosent på rundt 20% perfekt, noko som i elitevolleyball er skammeleg dårleg. Det mest skremmande er at dei får relativt mange poeng på angrepsfeil frå oss! Eg trur fort 1.divisjonslaget kunne gitt det KVBK-laget god motstand. Samme det. Neste elitekamp er mot Førde heime i Stemmemyren. Eg håpar på speletid, men forventar ingenting. Det viktigaste er at Rubix ikkje får slå inn noko.

Ingen kommentarar

Prev Older Entries
wordpress stats plugin