>Åt helvete

>Det gjekk elendig i dag. Me tapte 1-3 etter å ha spelt 3 og eit halvt dårleg sett.
Me gjer for mykje feil og er for upresise, derfor klarar me sjelden bryte serven til Austevoll, og når me blokkar og angriper med litt vel stor feilmargin så vert det vanskeleg å vinne volleyballkampar. Det var positive ting å ta med seg, men dei giddar eg ikkje bry meg med. No skal me forsøke å trene på dei tinga me ikkje var så gode på i dag, og så spele betre mot Koll og OSI i Oslo neste helg. Det er me nødd til.