04 Oct 2008
>Det gjekk elendig i dag. Me tapte 1-3 etter å ha spelt 3 og eit halvt dårleg sett.
Me gjer for mykje feil og er for upresise, derfor klarar me sjelden bryte serven til Austevoll, og når me blokkar og angriper med litt vel stor feilmargin så vert det vanskeleg å vinne volleyballkampar. Det var positive ting å ta med seg, men dei giddar eg ikkje bry meg med. No skal me forsøke å trene på dei tinga me ikkje var så gode på i dag, og så spele betre mot Koll og OSI i Oslo neste helg. Det er me nødd til.
Volleyball
04 Oct 2008
>I dag spelar me mot Austevoll i Øystese. Kampen går kl 1530, og eg forventar at alle som les bloggen stiller opp med andletsmaling og duskar. For dei som ikkje let seg friste, kan de lese eit lite referat som eg har tenkt å få Børge til å skrive etter kampen.
Volleyball
01 Oct 2008
>No har eg i mange år klagd over vondtar rundt om på kroppen som eigentleg ikkje er så alvorleg.
Alltid vondt, aldri skada, er mottoet mitt sånn sett. No i dag når eg våkna kan kanskje den situasjonen endra seg. Eg klarte omtrent ikkje å stå opp. Lurer på om det er ein aldri så liten betennelse i lysken. No sit eg åleine i leilegheita og knaskar Ibux mens eg ser på ein tv-skjerm med kun snø på (gjett om eg har gløymt å skaffe meg RiksTv) og håpar at alt går over til helga.
Meir
Volleyball