>Veit ikkje heilt ka eg skal sei om denne veka

>Som tittelen seier, eg er litt usikker på korleis eg skal omtale veka som har gått. Når det gjeld skule, så har eg vore anten flink og møtt opp og følgt med, medan nokon dagar har eg berre gitt faen. Når det gjeld å vere sosial, som er noko eg jobbar med meg sjølv for å bli, har det vore litt blanda gjennomføring også der. Å i det heile tatt møte opp på skulen og snakke med andre menneske er for meg i seg sjølv overlegent bra i forhold til å vere sosial. I tillegg har eg jo trent fire gonger denne veka, og der er det jo også andre folk. Når eg på toppen av det heile joina Trine og Caroline på lunsj hjå dei, må eg sei meg imponert av meg sjølv. Spesielt sidan dei fortalte meg om Slagsmålsklubben, som er ei skammeleg stilig elektronikagruppe frå Sverige. Minnar litt om Kraftwerk, berre spennande, og ikkje tysk.

Meir

Ingen kommentarar

>Livet mitt kjem til å bli ødelagt!

>I dag fekk eg meg Playstation 2 i leiligheten. Eg har også kjøpt Guitar Hero: World Tour. Sia eg allereie er relativt aktiv med å spele WoW, gruar eg meg til å sjå resultatet av nyanskaffingane. Kanskje klarar eg å komme opp på Hard i løpet av våren, men eksamensresultata og det sosiale aktivitetsnivået vil nok gå proporsjonalt nedover. Med ein enda djupare kurve, med andre ord.
Sosial eller ikkje, det er kjekt at det er helg. I morgon skal eg sjå Premier League- tabellen bli slik den er meint til å vere, samt å kanskje vise meg på fest i ungdomshuset i Ølve. Kanskje. Det vil sei, eg har ikkje spesielt lyst, men eg er heime og må vel nesten.

1 kommentar

wordpress stats plugin