28 Feb 2009
>Veka mi har vore mykje det samme som tidlegare veker. Litt lite skule, litt mykje volleyball og litt mykje suggerande underhaldning. I kveld (laurdag) har me spelt sesongens siste heimekamp mot serieleiar OSI. Me spelte årsbeste, men det haldt desverre ikkje heilt inn og endte med 1-3- tap mot eit gjerrig OSI med ein småklysete Anders Myhr i spissen. Det er likevel ikkje mykje å deppe over, og me reknar med at seriespelet endar med fjerdeplass. Då gjenstår berre ei rankingturnering i Førde før me kan summere opp plasseringa vår. Blir spanande. Etter den kjem eg til å rette fokus over på Nyborg, og prøve å få mest mogleg speletid der resten av sesongen. Apropos Nyborg skal eg reise til byn imorgon og forhåpentligvis spele litt mot Kristiansund. Det vert nok desverre ein lett kamp mot eit latterlig urutinert lag.
Meir
Blogg
16 Feb 2009
>Fekk tilsendt ein fin Youtube-video av Scott. Den er ein instruksjonsvideo for volleyball ikkje heilt etter læreboka. Byr likevel på mange fine opplevelsar, sjølv for dei som ikkje er spesielt innvidde i volleyball. Gator!
Meir
Nyttig, Volleyball
14 Feb 2009
>No viser det seg at Erlend Mæland og Silje van Hoek verkeleg er forelska, og at det ikkje er berre tøys som “sikre kilder innad i Rossvoll-miljøet” har funne på. Dei er offisielt (på Facebook, altså) eit par. Eg ønskar dei lukke til og alt godt i framtida. Gud veit Silje kan trenge det med Erlend.
Meir
Blogg
09 Feb 2009
>Nok ein gang er det måndag. Eg har ikkje vore heile dagen på skulen slik eg planla. Men innerst inne planla eg vel eigentleg ikkje å gå på skulen. Hadde eg planlagt å gå på skulen, hadde eg lagt meg ei stund før 0430. Men det hadde mest med at eg sov av meg fyllesjuka til klokka var halv 3 i går, og sovna i vel ein time på senga i går kveld. Derfor vart det litt vrient å sove.
Meir
Blogg
03 Feb 2009
>Eg har tenkt mykje i det siste på svært viktige spørsmål. Eg finn svaret på ganske masse, men det er noko eg rett og slett ikkje klarer. Skal eg skrelle potetene før eg kokar dei, ellers skal eg vente med å skrelle dei til etterpå? Å skrelle dei før tar lenger tid, og gjer meir skall, men då slepp eg gjere det etterpå når resten av maten ser klar og deilig ut, samt at eg er heilt utrulig latterlig dårlig på å skrelle poteter med bestikk. Eg må skrelle dei med nevane, og då brenner eg meg!
Meir
Blogg