>Er eg gammal alt?
02 Feb 2009
>Det høyres sikkert utruleg ut, men eg føler meg allereie som ein gamling. Det er ikkje vanleg for 19 år gamle guttungar å ha vondt i eit kne, i låret, i ein lysk, nedover heile ryggtavla og i ein fing, såvidt eg veit. I tillegg er eg ekstremt god på å slå touch. Trur rett og slett eg er blitt rutinert. Kven veit kor dette kan føre når eg blir 40?





