>Gull!

>Det vart gull på Nyborg! Me spelte ein dårlig kamp, men likevel vant me greitt 3-0, og kunne juble for gull. Eg fekk spele ein rotasjon bak, litt skuffa over det men det tenker ein ikkje på når me har vunne gull! Medaljeseremonien etterpå trur eg var noko av det kjekkaste eg har vore med på. Etterpå bar det rett heim til Siljanders på gullfest. Mykje drikke vart konsumert og det var meget god stemning! Heldigvis drakk eg sjølv beherska og fekk lov til å vere den som lo av den fullaste fyren (les: Kriss) denne gongen. Etter at mesteparten var gått heim (Kriss blei vel slept/kjørt heim, men det er ein detalj), bestemte me oss for å tilbringa ein drøy time i jacuzzien til Siljanders. Ein meget bra avslutning på ein meget bra fest.

Meir

Ingen kommentarar

>Gull?

>Til helga ventar eit viktig oppgjer mot BK Tromsø. Vinn me kampen, er me seriemeistrar. Eg har heldigvis klart å snike meg med i troppen på såpass mange kampar at eg får medalje dersom (les: når) dette skjer.
Ganske spent på om eg får speletid på søndag. Treningane tyder på at eg ikkje får vere med som libero. Det ser eg på som negativt for mine eigne sjansar. Har i det heile tatt lita tru på noko speletid. Føler overhodet ikkje at eg har tillit hos trenaren, eg merkar han er nervøs for å setje meg innpå. Og når han først gjer det, vert eg så nervøs fordi eg føler eg har den eine sjansen til å prestere. Det fører berre til at eg speler dårlig, og når eg speler dårlig ein kamp så er eg vel nødt til å vere best på trening i eit halvt år for at han skal gje meg sjansen igjen.
Deilig å lufte ut litt frustrasjon. Gleder meg vilt og voldelig til sesongen er ferdig.

Meir

Ingen kommentarar

>Seriemester

>I går vant me 3-0 over Randaberg. Det betyr at me kun treng vinne neste kamp mot Tromsø i Stemmemyren for at me skal sikre oss gullet heilt sikkert. Den går søndag 29.mars, kl 1500. Alle bør komme og sjå på den!

Meir

1 kommentar

>Godt og vondt

>Mykje har skjedd sidan sist eg blogga. Eg har vore med Nyborg sørover og “bidratt” til at Nyborg no er skremmande nær seriegull. Me spelte mot TVN laurdag og eg fekk starte som libero. Eg takka for tilliten med å bli ezzzah på første serv. Kom aldri inn i ein rytme i mottak og sleit med alt som var av flakkserv. Når det er sagt var ikkje dei andre på laget noko betre. Me vant eitt og tapte eitt sett før eg til slutt fortjent blei bytta ut. Ein stor katastrofe der altså. Heldigvis fiksa dei andre på laget opp i rotet mitt og me vant 3-1. Eg la inn ein god søknad om å ikkje få spele meir denne sesongen.

Meir

Ingen kommentarar

>Innhaldsrik helg

>Det var ei kjekk helg i Førde(!). Me reiste oppover på fredag og fekk slappa av litt på hotellet på kvelden før me la oss til å sove, klare for spennande kampar dagen etter. Og spennande vart det. Etter knepent tap 16-14 i tredje sett mot Nyborg, noko som me meinte skuldast taktiske disposisjonar og nedpsyking i time-outar, slo me Blindheim og Gløshaugen 2-0, der sistnemnte vart 27-25 i begge sett.

Meir

Ingen kommentarar

Prev Older Entries
wordpress stats plugin