>Vinterferie
04 Mar 2009
>Hurra, no er det vinterferie. Og eg skal vere den første til å innrømme at vinterferie jaggu ikkje er mykje annleis enn vanlege skuleveker. Det baklagar eg, og tar sjølvkritikk på. Har vore veldig lite motivert for skule dei siste vekene, delvis fordi det er ubegripelig kjedelig, delvis fordi… nei, vent, det er kun på grunn av at det er ubegripelig kjedelig. Skulle gjerne vore flinkare å gått på skulen og fått med meg meir, men det går rett og slett ikkje an når det eg skal få med meg handlar om 245 år gamle dikt om metaforar til samfunnsproblem. Då er rett og slett Guitar Hero meir freistande og givande.





