22 May 2009
>Då var første eksamen unnagjort. Det er vel ikkje så mykje anna å seie om den enn at eg er meget skeptisk med tanke på å stå. Var maks uheldig med spørsmåla i eitt av delfaga, og klarte såvidt å skrible ned det einaste vetle eg visste om spørsmålet. Men me får sjå. Det viser seg at store mirakel kan skje. I går, for eksempel, viste Azar Karadas målteft, i tillegg til at han slo ein følsom gjennombrotspasning. I tillegg brukte Petter Vaagan Moen utsida av venstrefoten og avslutta i mål. Dette viser at kva som helst kan skje. Ser ikkje vekk i frå at Kristjan Örn Sigurdsson limer ballen i krysset frå 30 meter om ikkje lenge.
Meir
Blogg
14 May 2009
>Den siste tida, det vil sei dei siste tre dagane, har eg lest på eksamen som eg skal ha den 19.mai. Det er ein eksamen i sosiolingvistikk og grammatikk. Begge desse faga er kjedelige, spesielt grammatikk. Eg hatar å lese til denne eksamenen. Det seier seg sjølv at det vert mykje hating når eg må lære meg eit halvt års pensum på ei drøy veke. Det skal nemnast at eg har sett meg sjølv i denne situasjonen, men det blir berre ein bisetning. Korleis ellers skulle eg lest? Lest jamnt og trutt gjennom heile skuleåret? Hah! Eg ler av folk som ikkje har null peiling på det dei driv på med to veker før eksamen. Er ikkje medlem av ‘Norsk Skippertaksforening’ for ingenting.
Meir
Blogg