>StatCounter

>Jøss. Eg putta på måndag inn ein søt liten kode som ga meg ein teljar over besøkande på sida. Eg vurderte først å la den telje for kvar gong sida blei lasta, slik at talet faktisk kunne bli høgt og eg kunne tru at folk faktisk var inne og leste. Men eg valgte å la den telje unike besøkande, sånn at det faktisk seier noko om kor mange som har vore innpå. Og jammen har det vore 26 besøkande innom sidan måndag! Vert nesten skremt av det høge antalet. Neste steg må vel bli videoblogg og innlegg kvar dag, innlegg som handlar om viktige ting som for eksempel kva eg hadde på brødskjeva mi til lunsj eller kvar eg føretrekk å sitje i stova når eg spelar Xbox360.

Meir

1 kommentar

>?

>Den førre veka gjekk greit. Eg fekk ikkje heilt den avslappande veka på praksisen som eg ville ha, men det var moro likevel. Gruppa lagde video- og lydreportasjar. Eg og to andre laga ein vignett og super til reportasjane. Ein super vil seie grafikken som kjem opp når ein person vert intervjua, med namn og relevant tittel.

Meir

Ingen kommentarar

>"A dream aloud"

>Denne songen får eg rett og slett ikkje nok av. Fantastisk.

Meir

Ingen kommentarar

>Meir å gjere

>I det siste har det vore veldig rolig på skulen. Har stort sett vore heime og brukt tida på andre, meiningslause ting. Denne veka er brytaren skrudd på att. Har innlevering i ex.phil, samt at eg og Henrik som eg er på gruppe med må skrive ein god del om etter å ha fått tilbakemelding på oppgåva i informasjonsvitenskap.

Meir

1 kommentar

>Jamenne..

>Sidan sist eg skreiv, har eg i grunnen ikkje gjort mykje.

Førre veke gjekk stort sett med til å slappe av, sjå Entourage og Dexter, samt fullføre utkastet til ex.phil- oppgåva mi. Resten av tida gleda eg meg til helga.

Meir

Ingen kommentarar

Prev Older Entries
wordpress stats plugin