>Kamphelg

>I helga var Nyborg på tur igjen. Me spelte mot Kristiansund og Oslo Volley.
Me vant 3-0 mot Kristiansund og 3-1 mot Oslo Volley. Me spelte ikkje spesielt bra nokon av kampane, men spesielt mot Oslo Volley var me litt ukonsentrerte, og sleit også ein del med uvante lysforhold i Bjørnholthallen. Det var vanskeleg å sjå ballen skikkelig når me stod i mottak på den eine sida, noko som kan ha bidratt til at me tapte eit sett på den sida.
Men det viktigaste var å ta full pott i begge kampane, og det gjorde me. Minnar litt om forrige sesong, med at me gjer akkurat det som er nødvendig for å vinne, ikkje meir.

Meir

Ingen kommentarar

Nyare Nyare innlegg
wordpress stats plugin