>Hipp hurra. I dag fyller eg 20 år. Eg skal fortelje dykk korleis eg feirar den store dagen.
00.00 – 03.00 : Spele Fifa10. 03.00 – 10.00 : Sove. 10.00 – 18.00 : Lese til eksamen. 18.00 – 19.00 : Reise heim, ete middag, hente treningsklede. 19.00 – 22.30 : Trening. 22.30 – 23.59 : Lese til eksamen. 00.00 – 00.01 : Sjekke Facebook for første gong for dagen for å sjå kor mange notifications eg har fått.
>Etter ein lang periode med ganske så greit ver, har regnet vendt tilbake til heimbyen Bergen. Det er venta regn heile veka og muligens også stort sett heile neste veke. Om mogleg, så gjer dette kvardagen min enda tristare. Eksamenlesing heile dagane, regn og Death Cab for Cutie på mp3′en. Det blir ikkje tristare enn det. For å lette på tristheten skriv eg her.
Veka som gjekk var i grunn relativt lite innholdsrik. Skulemessig har eg vore litt flink og litt slappfisk om ein annan. Eksamenslesing er tungt! Men føler eg er komt greit i gang, og gler meg til å vere ferdig med eksamen, så å motivere seg er ikkje så vanskeleg som i fjor.