>What to do?

>Då var julafta over for i år. Det har vore ein kjempefin dag. Ikkje for å virke rasistisk, men jula er rett og slett betre når den er kvit. No ventar romjula, med mykje fri og tid til å gjere kva ein vil.

Meir

3 kommentarar

>God jul!

>I dag er det julafta. Eg ønsker alle ei riktig god jul! :)

Ingen kommentarar

>Vinter

>Det har komme mykje snø no dei siste dagane. Skikkelig mykje. Snø er koseleg. Eg kjeda meg som vanleg ein god del denne laurdagen, så kva er betre å bruke ein laurdagskveld på enn å kle på seg, gå ut i snøføyka og fotografere og bli skikkelig kald? Ikkje veit eg. Iallfall, så vart det nokre stemningsfulle bilde av det. Dei er ikkje veldig gode, då eg ikkje hadde stativ for handa, men eg gjorde det beste ut av det. Gadd ikkje vere nazi på bildekvalitet, men sette heller fokus på at det skulle gå fort å overføre og laste opp. Sidan det er stress å legge inn mange bilde i eit innlegg med Blogger, legg eg inn eitt og henviser heller til det komplette albumet.

Meir

2 kommentarar

>Gøy

>I dag har det vore ein gøy dag. Det er fire grunnar til det. Fem, faktisk.

1. Eg klarte Fade to Black på Expert på Guitar Hero: Metallica. Songen er vanskeleg.
2. Eg fekk C på eksamen i INFO100.
3. Eg fekk B på eksamen i MEVI106.
4. Eg var flink og trente styrke i dag.
5. Bror min viste meg eit nytt vanedannande spel. Det heiter Dice Wars og er kjempegøy. Dice Wars kan du spele her.

Meir

Ingen kommentarar

>Juletid

>No er det jul. Eg plar ikkje få julestemninga før eg set i gong med å handle julepresangar. Det kan diskuterast kva eg legg i uttrykket julestemning når eg først får det når stresset byrjar. Uansett har eg altså begynt, eg er faktisk nesten ferdig, og det rekordtidleg. Det skulle kanskje berre mangle, sidan eg ikkje har gjort noko som helst anna enn å gå på trening dei siste drøye tre vekene. I dag gjorde eg for øvrig noko. I dag var eg nemlig på Ricks og såg Are Kalvø oppsummere 2009. Det var morosamt, Are Kalvø er definitivt på pallen når det gjeld komikarar. Satirisk humor med utstrakt bruk av ironi, sarkasme og overdriving er gøy. Ikkje like gøy som ordspel eller gjennomsnittleg like gøy som Lolcats, men likevel.

Meir

Ingen kommentarar

Prev Older Entries
wordpress stats plugin