>Tidsfordriv
14 Dec 2009
>Har du tjue minutt til overs som du ikkje har peiling på kva du skal bruke på?
Her er svaret:
Meir
14 Dec 2009
>Har du tjue minutt til overs som du ikkje har peiling på kva du skal bruke på?
Her er svaret:
Meir
14 Dec 2009
>Eg og min kjære sambuar Flotve junior sat og såg på norske volleyballvideoar då eg plutselig kom over ein video som viser ein del ballvekslingar mellom Randaberg og Nyborg frå Randaberghallen tidligare i år. Eg er ikkje heilt sikker, men eg trur det er ein kar med namn Toru Uesugi som har redigert denne godbiten. Så all kreditt går til han. Burde sikkert spurt om løyve til å legge ut videoen på bloggen, men eg satsar på at fleire visningar er kjekt nok til å rettferdiggjere den skamlause embeddinga.
13 Dec 2009
>Jau, då var det søndag igjen. Eller, det er teknisk sett måndag, men for meg vil nok måndag likne søndagen når det kjem til innhald, så det spelar ingen rolle. Eg har jo ferie! Eg må seie at søndagar er rimelig kjedelige når eg ikkje har kamp. Ein skikkelig emo-dag.
09 Dec 2009
>Eg kjedar meg. Eg kom tilfeldigvis over eit albumcover. Albumet heitte Lost in a Dream og vart laga av REO Speedwagon. Det første eg tenkte var at dette bandet var heilt utruleg framifrå stygt. Alle som ein såg dei ut som tractorpulling-entusiastar. Eller Alexander Rybak- fans. Uansett, det fekk meg til å sjå litt vidare etter bilete av stygge band. Og du verda, eg fant, eg fant! Sjå berre her.
08 Dec 2009
>Det er sikkert nokon som kunne hatt interesse av å lage sine eigne ringetonar. Det er begynt å bli ein del år sidan sist eg brukte ein ringetone laga av andre. I dag laga eg meg nokre nye. Eg tenkte det kunne vere fint å dele mi oppskrift på korleis ein gjer dette. Det er litt ulike framgongsmåtar for Mac og PC. Steg 1 og 2 i denne vetle “guiden” er for Mac-brukarar.