>People call me a hypocondriac, which really hurts…

>Jepp, då er klokka nærmare halv 3 og eg kjedar meg igjen. Då er den vanlege utvegen å skrive litt her.

For øyeblikket har eg ikkje spesielt masse på tapetet. Breddetesten i går enda med 10/10, det betyr meir eller mindre at eg er ferdig på skulen for 2009. Det betyr ikkje at eg ikkje har meir skulearbeid å gjere, men det kan skrivast heime. Må berre levere inn siste ex-phil- oppgåve, så er eg heilt ferdig. Oppgåva skal inn den 9.des. Trur eg.

Ellers er det blitt bestemt at årets herrefinale i volleyball skal gå føre seg i Randaberg. Veldig skuffande, då BSI blei trekt heime og me kunne ha laga eit fint dobbelarrangement (Dersom dei slår Blindheim, vel og merke). Også litt kjipt fordi det hadde vore kjekt om vener og kjente kunne komme og sett på. Dei færraste er vel så interesserte at dei reiser til Randaberg for å sjå finalen. Så det var synd!

Til å muntre meg opp har eg heldigvis funne to geniale komikarar på YouTube. Den første fortalte Jarle meg om, han heiter Stewart Francis og har heilt geniale one-linarar. Bedre enn i Radioresepsjonen, bedre enn Horatio Caine. Video finn du her. Anbefalast.

Den andre heiter Tim Vine. Stilen hans er litt lik, ein heil drøss med onelinarar. Videoen eg såg er frå showet hans, “So I Said To This Bloke”, og spesielt del 2 på YouTube er heilt fantastisk. Kan ikkje tru at eg brukte mellom fem og ti minutt på å sjå på ein komikar prøve å kaste pennar slik at dei festar seg bak øyret sitt. Det er sikkert vanskeleg å tru, men det er verkeleg verdt å sjå.

No må eg legge meg. Må vere opplagt til å i morgon, då meg og Børge skal ta julevasken! Så får me sjå om julestemningen kjem etterkvart.