>The Temper Trap

>Eg synest det er kjekt å oppdage nye band. No i det siste har eg gjort akkurat det.
The Temper Trap er eit australsk band som spelar deilig, atmosfærisk rock. Dei minnar litt om U2, berre at vokalisten er eit indonesisk geni med tøffe briller, ikkje ein litt plagsom ire med ein tidvis frustrerande sleik.

Meir

1 kommentar

>Avhengighet

>Eg er ein fyr som vert lett avhengig av ting. Kanskje først og fremst ting som foregår på datamaskiner, som til dømes små spel, morosame kattebilete og liknande.

Meir

2 kommentarar

>Referat frå cupfinalehelga

>Etter eit innfall av skrivelyst på fredag, skribla eg ned ein del setningar som etter kvart tok form av et referat frå cupfinalehelga. Heile referatet kan lesast her.

2 kommentarar

>Skrivesperre

>Det var ein periode i desember då eg skreiv mykje på bloggen. Eg spydde ut innlegg som ei annan fjortenåring som har kjøpt seg ny sminke ho føler seg nødt til å fortelje om. Denne perioden er over. Mykje fordi det ikkje lenger er desember og 900 fridagar, men også fordi eg ikkje har peiling på kva eg skal skrive om. Eg har nemnt kva eg skal gjere på skulen framover. Eg har nemnt at eg brukar ein del tid på å sjå på ymse seriar på DVD. Dei fleste som les bloggen eller generelt har den minste idè om kven eg faktisk er har vel også etter kvart fått med seg at eg driv på og drylar litt volleyballar rundt omkring relativt ofte. Meir skjer det strengt tatt ikkje i det lettbeinte livet mitt. Det skjer mykje rart inne i hovudet mitt, men noko av det er for personleg eller berre direkte feil for vevpubliseringar. I alle høve, korkje eg eller den middelaldrande dama i lilla nedanfor (forøvrig henta frå Google etter å ha søkt på “wondering”) veit kva eg skal gjere med skrivesperra.

Eg fell ikkje for freistinga til å lage poll om kva eg skal skrive om slik dei proffe gjer, og eg skal heller ikkje påføre folk som har forslag til ting å skrive om lidelsen det er å prøve å kommentere noko med den talentlause, tvungne innlogginga som trengst for kommentering her. Veit dermed ikkje korleis eg skal få tilbakemeldingar, men eg ser for meg at å sende meg eit brev i posten er lettare og mindre strevsomt enn å kommentere på bloggen.

Meir

1 kommentar

>ABC, easy as 123.

>Då var også ex-phil-karakteren min komen tilbake. Til trass for minimal satsing på faget slo eg til med ein relativt ufortent A. Skjønar ikkje kva eg har gjort for å bli behandla slik. Eg var iallfall ein av 24 som fekk A, av dei totalt 457 deltagande i faget. Stilig.

Meir

Ingen kommentarar

Prev Older Entries
wordpress stats plugin