17 Jan 2010
>Heilt sidan eg leverte den siste oppgåva i ex.phil 9.desember har eg hatt ferie. Den første skuledagen var 12.januar og varte i to timar. I mellomtida har eg slaura, trent litt og generelt ikkje gjort noko fornuftig. Det er kanskje etterkvart på tide at dagane mine blir litt meir meiningsfylte. Etter å ha tatt ein kikk på faga for dette semesteret, trur eg ikkje det skal bli eit problem å ha nok å gjere på. Eg skal ha tre fag, INFOMEVI171, INFO132 og INFO114. Det ser spennande ut, men det blir nok også mykje arbeid. Men det er vel fint. Eg har fri på onsdagar, og den har eg avtalt å bruke til først ein times styrketrening saman med sambuaren min Flotve junior, og deretter skal den brukast til lesing. Så gjenstår det å sjå om eg kan halde det målet.
Meir
Blogg
17 Jan 2010
>Jepp, då er det nok ein spelefri søndag, noko som gjer meg plenty med tid til å skrive ei oppdatering på kva som skjer i det utruleg uspennande livet mitt.
Meir
Volleyball
10 Jan 2010
>I går gjekk finalen av stabelen i Randaberghallen. Rundt 850 tilskodarar blei vitne til ein ganske uspennande finale. Nyborg spelte ein veldig god kamp, medan Randaberg ikkje fekk til mottaket sitt og fekk slite mot monsterblokka vår. Dermed grei 3-0- siger og cupgull! Det var ei ekstremt god kjensle å sjå lagkaptein Gamlefar løfte pokalen i veret. Eg har alltid ønska å spele på eit lag som når opp på aller høgaste nivå. Som junior har eg alltid vunne mange medaljar regionalt, men i NM har Strand-Ulv aldri nådd heilt opp. Nærmast var me tilbake i 2008, då me kom til semifinale og hadde Førde i kne, men dumma oss ut og kasta vekk ei soleklar leiing i tie-break. Det var utruleg bittert, fordi eg var redd det var siste sjanse til å vinne ein NM- medalje. Ikkje få medalje, men VINNE. Vere best. Heldigvis stemte ikkje det. No er eg endelig best. Det betyr mykje for meg, og det skal eg nyte.
Meir
Volleyball
08 Jan 2010
>Då var det klart for cupfinale mellom Randaberg og Nyborg i morgon. Kampen går i Randaberghallen kl 16.00. Det blir ein stor opplevelse å spele cupfinale føre eit forhåpentligvis firesifra antal publikummarar. Eg gler meg veldig. Som før kvar volleyballkamp girar eg meg opp med å sjå på videoar av dei beste spelarane. I den anledning vil eg framheve denne. Ikkje berre inneheld den det beste frå volleyballen i Beijing- OL 2008, men den er også lagt ut i framifrå HD- kvalitet. Fantastisk.
Meir
Volleyball
04 Jan 2010
>Då var me inne i 2010. Eg likar å sei totusenogti. Har ikkje noko mot tjueti- versjonen, men utan å tenke over det blir det totusenogti. Eg har laga meg eitt nyttårsforsett som eg skal prøve å følge:
Meir
Blogg