Klipping og liming

Eg er blitt glad i å redigere. Etter at eg tukla til meg Final Cut Express på ikkje nødvendigvis heilt lovleg vis, har eg brukt nokre timar på å klippe og lime ulike volleyballklipp.Etter gleda redigeringa av cupfinalen og Førde-kampen ga meg, valgte eg å leite fram ein gammal kamp frå Grand Champions Cup i Nagoya, Japan frå november 2009 og lagde ein liten video med høgdepunkt. Det er slikt eg gjer ein fredagskveld i det heller triste livet mitt. Kampen er mellom Brasil og Japan og enda 3-0 til Brasil. Videoen kan de sjå her.

Ingen kommentarar

20 lettare uheldige idrettsutøvarar

Etter den spanande semifinalekampen i curlingturneringa i OL mellom Noreg og Sveits, blei NRK ståande på. Det vart servert kunstløp for kvinner. På eit tidspunkt når eg faktisk kikka litt på det, nemnte kommentatoren ein russisk utøvar med det klingande, men akk så nedverdigande namnet Irina Slutskaya. Det fekk meg først og fremst til å le godt og google ho, men også til å tenke. Kva er dei mest håplause namna på idrettsutøvarar gjennom tidene? Eg fekk fort svar. Og det vart mykje latter av det. Så her presenterer eg mine 20 favorittnamn.

Meir

1 kommentar

“Stop treating me like a child. Now take me to return my Star Wars sheets!”

I det siste har eg sett mykje på den amerikanske komiserien The Big Bang Theory. Eg har komen til den konklusjonen at eg rett og slett skulle ønske eg var dr.Sheldon Cooper. Det er fleire grunnar til dette. Meir

Ingen kommentarar

Førdefilm

Då har eg sett saman nok ein liten volleyballfilm. Denne gongen tek handlinga stad i Førdehuset, der me spelte kamp mot Førde no sist laurdag. Filmen er eit samandrag av kampen. Den er drøyt 6 og eit halvt minutt lang. Om du er interessert, kan du sjå filmen her.

Ingen kommentarar

Små gleder II

Eg skriv no min andre post på ein dag. Det er uvanleg, og ikkje noko som kjem til å bli vanleg med det første. Ikkje før livet mitt blir interessant.

Meir

Ingen kommentarar

Prev Older Entries
wordpress stats plugin