“Stop treating me like a child. Now take me to return my Star Wars sheets!”

I det siste har eg sett mykje på den amerikanske komiserien The Big Bang Theory. Eg har komen til den konklusjonen at eg rett og slett skulle ønske eg var dr.Sheldon Cooper. Det er fleire grunnar til dette.

  • Sheldon er mykje meir intelligent enn alle andre. Det er kult å briefe med.
  • Sheldon kjem aldri for seint, forsøv seg aldri og finn alltid ting han skal ha fordi han har et perverst forhold til rutine og ryddighet.
  • Sheldon har alltid noko å gjere på, sidan han har et tidsskjema som seier kva han skal gjere.
  • Sheldon hadde ikkje slitt med å skrive JAVA.
  • Sheldon føl ikkje sosiale konvensjonar. Sosiale konvensjonar kan vere ufattelig irriterande og kjennest ofte unødvendige.
  • Sheldon har ikkje behov for romantiske forhold.

Alle desse kvalitetane virkar freistande på meg. Det einaste eg ville slitt med og sakna er den hos Sheldon fullstendig fråverande evna til å forstå spøk, ironi og sarkasme. Det er sikkert andre karakterar frå TV-seriar eg av diverse grunnar heller kunne tenkt meg å vere, slik som Eric Northman i True Blood, Seth Cohen i The O.C eller Bernard Black i Black Books. Men eg trur likevel at dr.Sheldon Cooper ville vore eit godt val. Det virkar iallfall som om han er ute av stand til å vere ulukkeleg.

Ingen kommentarar

Legg att ein kommentar