20 lettare uheldige idrettsutøvarar
26 Feb 2010
Etter den spanande semifinalekampen i curlingturneringa i OL mellom Noreg og Sveits, blei NRK ståande på. Det vart servert kunstløp for kvinner. På eit tidspunkt når eg faktisk kikka litt på det, nemnte kommentatoren ein russisk utøvar med det klingande, men akk så nedverdigande namnet Irina Slutskaya. Det fekk meg først og fremst til å le godt og google ho, men også til å tenke. Kva er dei mest håplause namna på idrettsutøvarar gjennom tidene? Eg fekk fort svar. Og det vart mykje latter av det. Så her presenterer eg mine 20 favorittnamn.
Prince Octopus Dzanie, ghanesisk boksar. Prins Blekksprut veit å slå frå seg.- Jihad Muhammad, amerikansk basketballspelar som eg for Gud (eller Allah’s?) skuld håpar er muslim.
- Irina Slutskaya, russisk isdanserinne. Foreldrene hennar var tydelegvis ikkje introdusert for engelsk.
- Kim Yoo Suk, sør-koreansk stavhoppar. Ikkje den lettaste å lage heiarop til.
- Gaylord Perry, amerikansk baseballspelar. Du veit du er gay når du heiter Gaylord.
- Dick Lane, amerikansk fotballspelar. Han har sitt eget felt på motorvegen.
- Johnny Dickshot, amerikansk baseballspelar. Skulle gjerne møtt familien Dickshot, gitt!
- De’Cody Fagg, amerikansk fotballspelar. Som om ikkje De’Cody var snålt nok, så var det best å heite Fagg til etternamn på toppen.
- Dick Pole, amerikansk baseballspelar. Det blir ikkje stort meir feil enn dette.
- Gregor Fucka, italiensk basketballspelar. Har visstnok kallenamn “Uncle Fucka” når han med sine 215 cm dunkar inn poeng i italiensk liga.
- Peter LaCock, amerikansk baseballspelar. Det er ikkje stort anna å gjere enn å le og riste på hovudet.
- Miroslav Satan, slovakisk hockeyspelar. Skal visstnok vere ein skikkelig jævel.
- Yoshie Takeshita, japansk volleyballspelar. Spelar i japansk liga, og det er sikkert like greit. Namnet hennar er nemleg ikkje spesielt internasjonalt.
- Chubby Cox, amerikansk basketballspelar. Chubby er visstnok kallenamnet hans. Lite gjennomtenkt, må det vere lov å sei.
- Enos Slaughter, amerikansk baseballspelar. Er det mulig å høyrast meir ut som ein seriemordar?
- Assol Slivets, kviterussisk freestyle-utøvar. Om du lurer på ka som er gale med namnet hennar, så prøv å les fornamnet hennar høgt.
- Dick Trickle, amerikansk racerbilsjåfør. Dick er alltid morsomt. Trickle gjer det heile hysterisk. Det betyr forresten “lekkasje”. Prøv å ikkje fnis av det.
- Craphonso Ja’Won Thorpe, amerikansk fotballspelar. For eit crappy namn. Og for nokon crappy foreldre.
- Natalie Titcum, australsk softballspelar. Ein meir uheldig kombinasjon av ord i etternamn er det praktisk talt umulig for ei jente å få til.
- Rusty Kuntz, amerikansk baseballspelar. Det blir ikkje meir håplaust enn dette. Det blir ikkje bedre av at Rusty er kallenamnet hans.






Kris
Jul 25, 2011 @ 20:42:11
What an awesome way to elxipan this-now I know everything!