Siger, seriegull, Svendsen og Svindal

I går var eg i Førde og bidrog til at me vann 3-0 i ein avgjerande seriekamp. Med sigeren er seriegullet praktisk talt sikra. Kampen gjekk ganske greit for oss, med unntak av ein lang periode i andresettet der Førde spelte godt. Heldigvis henta me oss inn i tide, og avgjorde settet. Tredjesettet blei overkøyring. På grunn av mellom anna god serving og god innsats i blokk/forsvar, leia me blant anna 21-9. Me vann til slutt 25-15, og kunne reise heim i visshet om at no skal det ekstremt mykje til om seriegullet skal gleppe. Mottaksstatistikken min viste for øvrig 2.38, noko som er over gjennomsnittet for sesongen på 2.29. Ein god kamp, med andre ord. Eg skal prøve å få tak i opptaket av kampen og snekra saman ein video.

Meir

Ingen kommentarar

Små gleder

Eg hadde ei tung natt med å skrive ferdig analysen i natt. Trur eg ga meg rundt fem, på ganske nøyaktig 2500 ord. Imponerande! Det var godt å sove etterpå. Eg sov faktisk så godt at eg ikkje våkna av vekkerklokka som skulle vekke meg sånn at eg kunne komme meg på Eirik Solheim frå NRKBeta si forelesing om framtidas mediebilde. Heldigvis er det eit mediestudie eg går på, og Solheim hadde like godt sett opp livestream frå forelesinga, slik at eg kunne følgje den via veven. Fint å vere på forelesing i horisontal stilling. Eg måtte likevel ut tidlegare i dag, då eg måtte hente ut Skoda Octaviaen eg skal køyre til Førde i morgon. Me reiser frykteleg tidleg.

Meir

Ingen kommentarar

Travle tider

Etter å ha sløva på sofaen og leika meg føre det nye leiketøyet mitt, iMacen, i utstrakt grad i lengre tid, har eg endelig fått alt eg har forsømt rett i trynet. Eg har sjølvsagt utsett ei oppgåve i INFOMEVI171 i fleire veker, noko som fører til at eg sannsynlegvis må sitte oppe natt til fredag for å få den ferdig til fristen går ut. Oppgåva er å analysere ein nettstad og skal vere på 2000-2500 ord. Kjekt å kun ha skreve 8-900 ord kvelden før. Eg analyserer forøvrig nettsida til Toro.

Meir

Ingen kommentarar

>Don’t come around here no more!

>No er det jammen lenge sidan eg skreiv noko her. I mellomtida har eg arbeida med å få opp ein ny og finare blogg, som er uavhengig av dei ekle restriksjonane ekle Blogger har. Eg kan dermed stolt linke til den nye sida mi, sundfjord.com. Det er der all magien kjem til å skje frå no av. Så ikkje kom tilbake hit.

Ingen kommentarar

>Gøyalt

>Det er ei stund sidan eg fann det ut, men det er først no mangelen på noko å skrive om er så påtrengande at eg nemner det. Det kan hende alle veit det, men sidan mange linkar meg youtube-videoar og ber meg sjå frå til dømes 13:37 ut i filmen, så virkar det ikkje sånn. Iallfall:

Meir

Ingen kommentarar

Nyare Nyare innlegg
wordpress stats plugin