Siger, seriegull, Svendsen og Svindal
25 Feb 2010
I går var eg i Førde og bidrog til at me vann 3-0 i ein avgjerande seriekamp. Med sigeren er seriegullet praktisk talt sikra. Kampen gjekk ganske greit for oss, med unntak av ein lang periode i andresettet der Førde spelte godt. Heldigvis henta me oss inn i tide, og avgjorde settet. Tredjesettet blei overkøyring. På grunn av mellom anna god serving og god innsats i blokk/forsvar, leia me blant anna 21-9. Me vann til slutt 25-15, og kunne reise heim i visshet om at no skal det ekstremt mykje til om seriegullet skal gleppe. Mottaksstatistikken min viste for øvrig 2.38, noko som er over gjennomsnittet for sesongen på 2.29. Ein god kamp, med andre ord. Eg skal prøve å få tak i opptaket av kampen og snekra saman ein video.
Me skynda oss i garderoben etter kampen og takka vere lettbeint køyring traff me perfekt med ferja og kom oss heim relativt tidlig. Kvelden vart tilbragt i godt lag hos svært trivelige medstudentar.
Dagen i dag er ein typisk søndag. Eg har ikkje tenkt å gjere noko som helst. Det blir nok ein lettbeint dag med mykje OL. Har stor tru på Aksel Lund Svindal og Emil Hegle Svendsen. Har tru på fleire andre i dag, men Svindal og Svendsen passa så fint i forhold til bokstavrimet i tittelen. Så deeet.
Biletet er forøvrig tatt av Espen Stensvoll og stjelt frå han og hans eminente side Volleyweb.





