Små gleder II

Eg skriv no min andre post på ein dag. Det er uvanleg, og ikkje noko som kjem til å bli vanleg med det første. Ikkje før livet mitt blir interessant.

Men akkurat no synst eg det er litt interessant. Ikkje fordi eg gjer noko spennande, tvert imot. Men det må jo seiast å vere litt spennande å sjå kva som skal bli av meg når eg på ein søndagskveld kosar meg glugg ihel med å sjå på OL og le av ting kommentatorane seier som kan tolkast på koffertmåten.

Eg har fleire døme:

  • “Stakeform som ingen andre”
  • “Liggekspertise ingen kan forandre”
  • “Han kom faderleg fort”
  • “Og vips var det gjort”
  • “Kom for fort det skuddet”
  • “Emil er støare på stå enn på ligg”
  • “Du kan jo berre tenka deg sjøl viss du sku hatt Ole Einar i rævo”
  • “Ser ut som Ovetsjkin fikk kølla til Jagr i trynet”
  • “[Navn på ishockeyspelar] får utvisning for høg kølle”
  • Generelt alle setningar som inneheld ordet “kølle”

Eg kunne haldt fram til i morgon tidleg, spesielt no som det snakkast om klinking av steinar under curlingkampen, men eg veljer å avslutte her og slå fast at det har vorte eit lattermildt OL. Sjølv om ein stor del av konkurransane endt med norske nederlag.

Ingen kommentarar

Legg att ein kommentar