Små gleder

Eg hadde ei tung natt med å skrive ferdig analysen i natt. Trur eg ga meg rundt fem, på ganske nøyaktig 2500 ord. Imponerande! Det var godt å sove etterpå. Eg sov faktisk så godt at eg ikkje våkna av vekkerklokka som skulle vekke meg sånn at eg kunne komme meg på Eirik Solheim frå NRKBeta si forelesing om framtidas mediebilde. Heldigvis er det eit mediestudie eg går på, og Solheim hadde like godt sett opp livestream frå forelesinga, slik at eg kunne følgje den via veven. Fint å vere på forelesing i horisontal stilling. Eg måtte likevel ut tidlegare i dag, då eg måtte hente ut Skoda Octaviaen eg skal køyre til Førde i morgon. Me reiser frykteleg tidleg.

Når eg kom heim att sjekka eg postkassen. Eg fann den vanlege reklamen, samt ein konvolutt sendt av “Libero-klubben”. Dette var håplaust, tenkte eg. Kvifor har dei sendt dette til meg? Når eg opna brevet kunne eg lese:

Hei, Yngve!

Jeg håper du nyter den siste delen av graviditeten og begynner å bli klar til den store dagen du skal føde, eller kanskje du allerede har født? Hvis det er tilfellet, gratulerer vi så mye!

I tillegg finn eg gode råd og eit gåvebevis til ein “Libero startboks”. På dette tidspunktet skjønar eg fint lite. Eg er ikkje gravid. Kva skal eg med dette? Hei, Yngve! Svaret finn eg nederst på den andre sida av arket. Her står min kunde-ID og mailaddressa eg angiveleg har knotta inn for å få tilsendt herligheten. Det byrjar no å gå opp for meg at her har det skjedd noko rart. “eitelleranna@hotmail.com” er ikkje ei veldig pålitelig mailaddresse. Eg les “klubbnamnet” om igjen. Liberoklubben. Til slutt koblar eg med at eg speler i libero- posisjonen for Nyborg. Då vart det plutseleg morosamt. Det er førebels ikkje kjent kven som er moromannen bak dette. Men sidan vedkommande kjende til addresseopplysningane mine, samt brukte den nynorske “eitelleranna@hotmail.com”, så burde det tynne ut antal mistenkte. Sherlock Sundfjord skal finne ut av dette.

I tillegg til dette småartige påfunnet, las eg i dag at Alexander Rybak har hatt nervøst samanbrot og slo nevane sine i veggen til han begynte å blø. Dette las eg på Facebook-profilen hans, av alle ting. Tydeligvis viktig for han å forklare for heile verden kor fælt han har det og kor vanskelig livet er for han.  Eg lo og koste meg.

Ingen kommentarar

Legg att ein kommentar