Travle tider

Etter å ha sløva på sofaen og leika meg føre det nye leiketøyet mitt, iMacen, i utstrakt grad i lengre tid, har eg endelig fått alt eg har forsømt rett i trynet. Eg har sjølvsagt utsett ei oppgåve i INFOMEVI171 i fleire veker, noko som fører til at eg sannsynlegvis må sitte oppe natt til fredag for å få den ferdig til fristen går ut. Oppgåva er å analysere ein nettstad og skal vere på 2000-2500 ord. Kjekt å kun ha skreve 8-900 ord kvelden før. Eg analyserer forøvrig nettsida til Toro.

På toppen av dette har me ei obligatorisk oppgåve i INFO132. Java-programmering er ikkje så vanskelig når det er såpass basic, men det er framleis ein del arbeid med å venne seg til programmeringsspråk.

Alt dette hadde eg hatt god tid til om det ikkje hadde vært for volleyballen. Den tar opp fire kveldar i veka og gjer at faktisk må vere seriøs på dagtid. Håplaust. Når me er inne p volleyball, så er det ikkje mykje endring i eliteserien. Nyborg leiar serien fortsatt serien med to poeng, men med to kampar mindre spelt. I helga ventar ein vanskeleg bortekamp mot Førde. Blir det tap, så tar Førde over tabellteten for første gong denne sesongen. Førde stiller utan Geir Eithun og Nyborg stiller utan Øivind Hordvik. Det blir ein spennande og ikkje minst avgjerande kamp. Førde viste prov på god form ved å knuse Oslo Volley førre søndag, medan me hadde litt større problem. Alt ligg dermed an til ein thriller i Førdehuset klokka 1600 på laurdag. Eg håpar sjølv å vere 100% i den kampen, har slitt ein del med ein vond lysk dei siste vekene. Spesielt i kampen mot Randaberg for halvanna veke sidan var det vondt å spele. Me får håpe på det beste.

Det får vere nok oppdatering. Livet mitt er ikkje interessant nok til å drive å oppdatere heile tida.

Ingen kommentarar

Legg att ein kommentar