27 Mar 2010
For andre helga på rad var det duka for bortekamp for Nyborg. To stykk, til og med. Denne gongen skulle me til Kristiansund og deretter vidare til Oslo. Me reiste opp til Kristiansund på fredagen. Med loddefjordingen, gamlefar, utlendingen og alle andre på plass kunne flyet setja kursen mot Kristiansund. Me flaug i medvind og var framme på noko som må vere ny personleg rekord for piloten. Sikkert eit plaster på såret for den pottesure dusten som tok plassen til Ørjan, som var ved sida av underteikna.
Meir
Blogg, Volleyball
26 Mar 2010
Sjuk i hovudet som eg er, og søvnlaus som eg stort sett alltid er, kom eg i natt til å tenke på ein ting. Gay-synth og gay-kore-duden i det gaye bandet Donkeyboy, Kent Sundberg, er grøsseleg lik på dr.Chase i House. Når eg først no kom på dette, kunne eg sjølvsagt ikkje halde meg i senga og sove og poste det i morgon. Neida. Det måtte postast no, klokka 03.13 natt til fredag. Av og til skulle eg ønske eg var litt mindre datainteressert. Og litt mindre manisk. Og eg skulle også ønske at eg hadde eit liv, sånn at det ikkje var ting som dette som fenga oppmerksomheten min ei natt til fredag. Men kva er vel litt søvn mot begeistringa av å dele denne lookaliken med verda?
Meir
Blogg, Random
24 Mar 2010
I påvente av å gidde/kunne skrive fyldig referat frå Nyborg sin tur til Oslo førre helg, vel eg å gje eit lite tips til folk som lastar ned seriar frå USA (finst det nokon som ikkje gjer dette?) Dersom du nokon gong lurer på kortid neste episode av din favorittserie kjem, det vere seg stilige seriar som 24 eller Big Bang Theory, eller mindre stilige seriar som Gay’s Anatomy eller Private Practice, så kan du lett følgje med på myEpisodes.com. Her kan du registrere deg, noko som går fortare enn på dei fleste plassar som krev registrering, og deretter gå inn på All Shows eller Search Shows og finne dei seriane du vil halde styr på. Når du har valgt kva for slags stilige eller mindre stilige seriar du vil følgje med på, kan du, dersom du klikkar på Episodes List, sjå ei fin liste over kva tid neste episode kjem. Veldig lett, og veldig kjekt. Ulovleg nedlasting er ekstra moro når ein føler ein driv på organisert.
Film/TV/Musikk/Spel, Nyttig
16 Mar 2010
Hei og hå. Sidan eg er ein vimsete tulling, gjorde eg ein latterlig feil som gjorde at alle postane eg har posta sidan eg flytta inn på sundfjord.com blei sletta. Dette er no retta opp i. Postane er tilbake, men utan sine opprinnelege kommentarar og utan opprinneleg dato for publisering. Orsakar for dei som eventuelt måtte få rss-feeden spamma med 130 gamle innlegg frå meg.
Om sida