10 håplause nettadresser
02 Mar 2010
Lister er kjekt. Eg koste meg sånn med lista eg laga over håplause idrettsutøvarnamn at eg rett og slett vil lage ei liste eller to til. Me startar med dei 10 mest uheldige Internett-adressene:
- Den første sida er Who Represents, ei side der ein kan finne ut kva agent som representerer ein kva som helst kjendis. www.whorepresents.com høyres imidlertid absolutt ikkje ut som det.
- Experts Exchange er ei side der programmerarar kan utveksle råd og erfaringar. Noko fortel meg at det ikkje var programmerarar som besøkte denne sida mest. www.expertsexchange.com. Denne sida er desverre flytta til det mindre ukorrekte www.experts-exchange.com.
- Om det ikkje var gale nok med Experts Exchange si side, så kan du besøke www.kidsexchange.net og le enda meir. Ein spør seg sjølv: Er det mulig?
- Er du glad i pennar? Då er Pen Island noko for deg. Desverre vil nok www.penisland.net tiltrekke seg meir enn penn-entusiastar.
- Treng du ein terapeut? Då kan du prøve www.therapistfinder.com. Meget uheldig.
- Amo fortalte meg om det globale selskapet Power-Gen si italienske avdeling, som visstnok hadde adresse www.powergenitalia.it, noko som er hysterisk. Desverre var dette berre ein spøk frå observante internett-spøkefuglar. Heldigvis har Megagen, eit firma som har spesialisert seg på å lage kunstige tenner, ei italiensk avdeling. Og gjett om sida deira er www.megagenitalia.it!
- Den kanskje minst gjennomtenkte av alle sto det walisiske planteselskapet Mole Station Native Nursery for. Ein periode hadde dei adressa www.molestationnursery.com. Desverre så er trafikken no flytta til molerivernursery.com.
- Eit tsjekkisk firma som gir seg ut for å levere diverse internettenester presterte å ta domenet www.ipanywhere.com. Dei ser ut til å ha flytta til www.ip-anywhere.net. Utan at det er blitt veldig mykje betre av den grunn.
- Har du lyst på økonomisk rådgivning. Spør Benjamin Dover! Han held til på www.bendover.com.
- www.analtech.com. Høyres dette ut som ei nettside for ei bedrift som har spesialisert seg på tynnsjiktkromatografi? Nei. Men det er det det er.






15 eksempel på uheldig logodesign
Apr 11, 2011 @ 14:41:20
[...] har vore nemnt før i posten om uheldige nettadresser, men logoen er jammen ikkje mykje betre. Det skulle vere mulig å oppdage feilen no etter [...]