10 håplause nettsider
02 Mar 2010
Etter å ha lista opp dei mest håplause internettadressene, tenkte eg det var relevant å lage ei liste over dei 10 kanskje styggaste internettsidene der ute også. Ganske underhaldande, men også ganske skremmande. Om det er nokon sider der ute de føler eg har gløymt, så skriv ein kommentar med adressa og del grusomheten.
- LingsCars.com. 4,3 MB med blinkande, fargesprakande dritt.

- www.mrbottles.com. Nokon har leika litt for mykje med Flash, sida er totalt uoversiktlig, ein flytande mann utan panne tar til å snakke til meg og ein båt forfølger med når eg scrollar.
- www.ski-utah-rentals.com. Ein grusom gif-snøanimasjon, fullstendig grenselaust plagsomme fargar og håplause fontvalg gjer dette til ein grusom opplevelse.
- www.americanbeautybordercollies.com. Horribel bakgrunn, uleselig tekst, sikkert 10 MB med fullstendig håplaust og ubrukelig innhald om ein scrollar nedover på sida.
- www.justlikesugarinc.com. Ein intro som nesten tar livet av deg, øyrene og augene dine. Om du trykker på Skip Intro kjem du til den eigentlege heimesida. Her ser du femti identiske bilete og blir plaga av ein mann som snakkar uavbrutt. Det er umulig å slå han av. Setningane hans er loopa, så han startar opp att med ein gong han er ferdig. Du forlater garantert sida før han byrjar opp att.
- www.wateronwheels.com. Det er berre å le. Brun bakgrunn, blå overskrifter, ein håplaus meny, latterlige bilete, og nedover sida finn ein generelt grusomme linkar m.m.

- www.anachrome.com. Ein kontrast frå bakgrunnen til skriftfargen som er direkte mannevond. Du kan scrolle i fem minuttar uavbrutt. Fullstendig uoversiktlig. Trass latterlig enkelt design, så viser ein HTML-validator at den inneheld fleire hundre feil i koden. Imponerande
- www.manidoo.com. Dette er visstnok ei typisk Internet-community-side. Eg veit ikkje om dette er mest horribelt eller mest forvirrande. Sjølv ikkje på About Us-sida forstår ein kva dette er. Og eg gidd ikkje eingong byrje å snakke om utsjånaden.
- www.drivingskills.on.ca. Omlag 500 horisontale tickers, altfor strekt logo, flagrande canadisk flagg, ikkje-flagrande amerikansk flagg. Eg kan halde fram i ein evighet.
- www.photographertoronto.com. Ein treng vel ikkje forklare kvifor denne sida er katastrofal. Det mest utrulege er at denne sida, som er sida for ein fotograf i Toronot, kjem opp FØR denne flotte sida, som driv med omtrent nøyaktig samme verksemd.





