Celestia

I Evergreen Park, Illinois, budde det ein gong ein mann som heitte James Thomas Mangan. 1.januar 1949 registrerte han seg sjølv som grunnleggjar og representant for Nation of Celestial Space, også kalt Celestia. Mangan gjorde med registreringa av denne mikronasjonen krav på heile universet, utanom Jorda. Dette var visstnok for å sikre seg mot at nokon jordleg stormakt i framtida skulle få etablere politisk hegemoni der. Når Celestia var oppretta, skreiv Mangan brev til regjeringane til USA, Storbritannia og Sovjetunionen samt FN og sa frå om at han, som leiar av Celestia, forbaud all testing av atomvåpen i atmosfæren. Seinare, når verdas stormakter tok til å sende fartøy ut i rommet, skreiv han hissige brev til desse der han protesterte mot det han meinte var invasjon av hans eigedom utan løyve. Han krevde også at astronautar som skulle ut i rommet, måtte ha pass med seg for å få lov til dette. I 1957 vart namnet Celestia godkjent av det amerikanske patentkontoret, og gjort til lovleg beteiknelse på verdsrommet.
I 1959 hadde Mangan og hans Celestia angiveleg omlag 20.000 “innbyggjarar”, sjølv om dette sjølvsagt tok form av medlemsskap. Overraskande nok vart staten hans ignorert av supermaktene, men han klarte faktisk å få kringkasta avdukinga av Celestia sitt flagg på amerikansk TV føre millionar av sjåarar. Dagen etterpå vart dette flagget faktisk hengt opp ved sidan av dei andre flagga utanfor FN-bygget i New York. I tillegg vart det skapt mellom anna “celestianske” frimerke og myntar, samt ein mynteinhet.
Beklageligvis døydde Mangan i 1970, og med han døydde engasjementet rundt Celestia. Det einaste som er igjen av mikronasjonen i dag er nokre få eksemplar av dei celestianske myntane, som faktisk går for fleire hundre dollar kvar gong dei kjem på marknaden, samt at han ga dottera si Ruth tittelen “Princess of the Nation of Celestial Space” og hans tre barnebarn Glen, Dean og Todd henhaldsvis titlane ” Duke of Selenia”, “Duke of Mars” og “Duke of the Milky Way”. Det er stilig å ha på CV’en.

Ingen kommentarar

Legg att ein kommentar