Fem fantastiske klassikarar
11 Mar 2010
Det er lenge sidan eg var ung, kjennes det ut som. Det føles som ein evighet sidan eg satt på kontoret heime og spelte på den gamle datamaskina med Windows 95. Når eg ser tilbake, skulle eg ønske at eg tok vare på ei av dei gamle maskinene. Det hadde vore utruleg moro å spelt desse gamle spela igjen, sjølv om det sannsynlegvis ville blitt litt skuffande når ein ser på det me har tilgjengeleg av spel den dag i dag. Det som er kjempekjekt, er at med DOSBox går det an å køyre desse spela på nye maskiner. Uansett, dei fem favorittspela mine frå gamle dagar er følgjande.
- 5. The Lion King : Dette spelet vart gitt ut i forbindelse med filmutgivinga i 1994. Som filmen, så følgjer spelet Simba heilt frå han er liten løvunge til han blir vaksen og skal slåss mot den onde Scar. I spelet, som er eit plattformspel, må du forsere hindringar og komme deg rundt ved å hoppe, rulle og springe. Du må passe på at brøl-o-meteret ditt er fullt, slik at du kan bruke brølet ditt som våpen. Og så må du passe på å ete insekt for å få liv. Eg hugsar me hadde dette på ein PC på barneskulen. Eg var som regel veldig ivrig på å komme meg ut og spele fotball i matfriminuttet, men i dei kortare pausane og når det regna masse spelte eg Lion King. Ein velfortent femteplass.
- 4. Ducktales, the Quest for Gold : Dette spelet sit spikra i hukommelsen. Det kom ut i 1990. I dette spelet kranglar Gulbrand Gråstein og Onkel Skrue om kven som er den rikaste anda i verda. Det blir avgjort at den som klarar å samle flest skattar frå verda rundt på 30 dagar, får tittelen. Onkel Skrue tar med seg Ole, Dole og Doffen samt piloten Rotor. På eit kart veljer ein destinasjon som Rotor skal fly til. Dette verdskartet inneheld stadsnamn som for det meste er ordspel på ekte stader i verda, Norway blir til dømes Novay. På flyturen prøver B-gjengen å hindre deg på mange stilige måtar, til dømes ved å sleppe eit piano på flyet ditt. Når du kjem fram skal du finne ein skatt, og den finn du ved enten å klatre opp fjell, å ta deg gjennom ein jungel eller å finne vegen i ein holelabyrint. Du kan også komme til eit reservat der du skal ta bilete av sjeldnast mogleg dyr. Dette spelet spelte eg utallige timer heime på kontoret og hos alle vennane eg pleidde besøke. Den deilige 8-bitslyden kitlar deilig i øyregangane mine. Det er igrunnen merkelig at den ikkje fekk plass på pallen.
- 3. Prince of Persia : Her i dette spelet frå 1989 tar du rolla som ein random persisk prins, som av ein eller annan uforståeleg grunn er blond og har blå auge. Fin Disney-stereotyp. Du skal redde ei prinsesse som er tatt til fange av den onde Jaffar, som gjer prinsessa eit ultimatum om å gifte seg med Jaffar eller å dø innan ein time. Du må klatre, hoppe, springe over “knappar” som åpner dører og slåss mot sverdmenn for å komme deg gjennom nivåa. Det høyres enkelt ut, men på slutten er faktisk spelet dritvanskeleg. Nok ein gong går minna til kontoret, der eg og spesielt brodern spelte dette mykje. Eg hugsar eg syns det var eit skummelt spel, med skummel musikk og skummel skurk. Med sine massive 121 kB var dette eit skikkelig avansert spel i 1989. Og det er etter mi meining sannsynlegvis eit av dei beste spela som nokon gong er laga.
- 2. Grand Theft Auto 1 : Mykje av det eg har av skadefryd og voldelighet kan sikkert tilskrivast GTA1. Knapt eit tosifra antal år gammal drepte eg tilfeldige forbipasserande med rakettkastar, og køyrde over alt som rørte på seg på fortaua med varebilar. Du kan her velje deg ein karakter å spele med, og deretter skal du sanke poeng ved å utføre ulike oppdrag for den lokale mafiaen e.l. Dette kan innebere å drepe masse folk, hente bilar, hente folk med bilar, drepe masse folk med bilar som skal hentast som inneheld folk som skal hentast, eller liknande. Eg kan ikkje huske at eg nokon gong fekk mykje framgang i spelet, då eg stadig vart opptatt med å bruke cheat codes til å skaffe meg alle våpen, og deretter drepe alt som eksisterte i spelet. Alt var så uskuldig i GTA1 og 2. Dagens GTA er kjedelige drittspel. Den fine 2D-grafikken og den gode lyden gjorde dette til ein heilt uskuldig men likevel morosam drapsorgie. Det er nesten utruleg at eit spel kjem over dette på lista.
- 1. Vinnaren av mi uhøgtidelege kåring av beste spelklassikar er The Curse of Monkey Island. Dette spelet er det tredje i serien om Guybrush Threepwood, og etter mi meining det soleklart beste. Ikkje rart når det sannsynlegvis er mitt favorittspel i verda nokon gong. I dette spelet må Guybrush bryte ei forbanning frå hans elskede, Elaine Marley. Spelet er eit point-and-click-spel, og ein får framgang i spelet ved å klikke på forskjellige gjenstandar og bruke dei. Gameplayet er heilt genialt. Og med uslåelig smart og morosam voice acting, flott musikk og fine omgivnadar er dette mitt favorittspel gjennom tidene. Det blir ikkje betre enn å slåss ein kamp med insult swordfighting mot Captain Rottingham. Hadde eg berre vore ung igjen!
Har DU eit favorittspel som du elska å spele når du var liten? Då er det berre å skrive det. Gamle spel er morosamt. I morgon eller ein dag i nær framtid kjem lista over mine favoritt-introsongar for TV-teikneseriar. Så her er det berre å henge med i listemanien.






omhelland
Mar 22, 2010 @ 15:12:21
Commander Keen 3.