Gokjennee
09 Mar 2010
No har eg lagt til ein artig liten “like”-funksjon. Du kan altså like postane mine, akkurat som på Facebook. Det er kanskje lurt av meg å forklare kvifor det ikkje står “like” attmed “like”- knappen, men derimot Gokjennee. Uttrykket “gokjennee” kjem frå trenarelegenden Darek Marzsalek og er såvidt eg har forstått dareksk for “bra” eller liknande. Det finst fire ulike typar bruk av gokjennee. Dersom noko kan gokjennees, så kan ein og seie at det er gokjennbart. Dersom noko ikkje er gokjennbart, så kan det naturlegvis berre “ikke gokjennees”. Men viss noko er ganske gokjennbart, men ikkje heilt, så kan det “mmmmmm på en mååååte gokjennees”.
Dette var reglane for bruk av gokjennee slik eg har forstått dei. Om det er nokon som har betre peiling er det berre å rette på meg.





