Korleis spele gamle spel
12 Mar 2010
Takka vere den sjølvutnemnte mentoren min, Børge Flotve,
fann me ut korleis me kan spele desse gode gamle spela som det har vore snakk om her på sida i dag. Då er det greit å kjapt fortelje korleis, slik at alle kan gjere det utan å lure på det.
- Steg 1: Gå inn her og last ned DOSBox.
- Steg 2: Når du har installert DOSBox, så legg du til ein snarveg til programmet på skrivebordet ditt.
- Steg 3: Last ned det gamle spelet du vil spele. Gode sider for å finne slikt er denne.
- Steg 4: Finn .EXE- fila i spelmappa. Ha snarvegen til DOSBox synleg, og berre dra .EXE- fila over snarveg-ikonet og slepp. Då skal spelet køyrast i DOSBox. Det høyrest sikkert banalt og enkelt ut, men for meg og unge Flotve var det ikkje gjort på sekundet, då det ikkje ser ut til å gå an å køyre den meir tradisjonelle Høgreklikk-> Opne med- varianten.
- Steg 5: Gøy gøy gøy.





