Lei av heile Sagen

Det har vore mykje skriveri i det siste om det som hende i nye Holmenkollen hin dagen, der Bjørn Einar Romøren hoppa i nye Kollen før Anette Sagen. Eg har sett meg lei av maset om dette. Eg er ikkje akkurat tidleg ute med å komme med mi meining, men men.

Etter at det vart kjent at Romøren sette først utfor, blei folk forbanna. Det gjekk så langt at han blei drapstruga. Denne saka luktar diskriminering lang, lang vei. Den einaste grunnen til at det har gått så langt, er at Anette Sagen er ei dame. Hadde til dømes Anders Jacobsen blitt valgt til å setje utfor først, hadde ikkje ein kjeft brydd seg når Romøren hoppa først. Men berre fordi Anette Sagen tilfeldigvis er ei dame, så klikkar halve nasjonen på stakkars Romøren. “Stakkars jente-Anette som ikkje fekk hoppe først, buhu”. Kvalmande. I hoppsport har jentene og jentehopp-entusiastar (watz diz? eksisterer det?) i årevis prøvd å få jentehopping likestilt med mannehopping. Men i denne saka er det jammen ikkje mykje vilje til likestilling. Det er jævlig urettferdig at Anette Sagen fekk hoppe først, ettersom Bjørn Einar Romøren har utført VERDENS lengste skihopp, og såleis er soleklart meir kvalifisert enn Sagen til å hoppe først. Men sidan Sagen er dame, blir Romøren sett som nummer to. Dette er ikkje likestilling, dette er diskriminering. Om folk vil ha jentehopping likestilt, må jentehopparane faen meg tåle å bli vurdert på lik line med mannlege hopparar i ein slik sak. Idiotisk er det også at Romøren ikkje får hoppe først når han faktisk høyrer til Kollenhopp. Eg har ikkje ord for kor provosert eg er over korleis dei som satte Sagen til å hoppe først har iscenesatt dette for å gjere hoppbakken til ein arena for politikk. Og eg er enda meir provosert over korleis ein slik fillesak har blitt blåst ut av alle proporsjonar i media. Sagen hoppa tross alt offisielt først. Forøvrig hoppa Anette Sagen imponerande 106 meter i det offisielt første hoppet i nye Kollen. Kjekt at den første hopparen i den flotte, nye bakken vår landar omtrent midt på kulen.

Eg meiner ikkje at det ikkje var dumt av Romøren å hoppe først når Sagen ein gong var sett til å hoppe aller først, men det er heilt latterleg å lage så mykje dustete sak av det.

Ingen kommentarar

Legg att ein kommentar