Likskap kan vere morosamt
Sjuk i hovudet som eg er, og søvnlaus som eg stort sett alltid er, kom eg i natt til å tenke på ein ting. Gay-synth og gay-kore-duden i det gaye bandet Donkeyboy, Kent Sundberg, er grøsseleg lik på dr.Chase i House. Når eg først no kom på dette, kunne eg sjølvsagt ikkje halde meg i senga og sove og poste det i morgon. Neida. Det måtte postast no, klokka 03.13 natt til fredag. Av og til skulle eg ønske eg var litt mindre datainteressert. Og litt mindre manisk. Og eg skulle også ønske at eg hadde eit liv, sånn at det ikkje var ting som dette som fenga oppmerksomheten min ei natt til fredag. Men kva er vel litt søvn mot begeistringa av å dele denne lookaliken med verda?
Når me først er inne på Donkeyboy og GayKent Sundberg, vil eg gjerne nemne at Donkeyboy er noko av det ondaste som er skapt her i verda. Måtte turnèbussen deira treffe verdens største hump i vegen og miste kontrollen og køyre utfor eit 500 meter høgt stup, ned i ei elv av lava og utgått, klompete mjølk, flyte vidare utfor ein foss som tar dei ned til helvete, der Mira Craig og Alexander Rybak står hand i hand og ventar på dei. Jævla Donkeyboy.
Svarer nå,bedre sent enn aldri!
Er det noen som er ond så må det være DU!!!
Donkeyboy-tilhenger
Hei Helen.
Eg vil understreke at eg ikkje genuint håpar at turnèbussen deira treff verdens største hump i vegen og mistar kontrollen og køyrer utfor eit 500 meter høgt stup, ned i ei elv av lava og utgått, klompete mjølk, og flyt vidare utfor ein foss som tar dei ned til helvete, der Mira Craig og Alexander Rybak står hand i hand og ventar på dei.
Det var berre ein måte å seie at eg ikkje likar musikken deira på.