Meir film

Sidan eg hadde ein ekstra volleyballkamp liggande på dataen, bestemte eg meg for å lage ein liten film av den også. Prøvde å få eksportert filmen i betre kvalitet denne gongen, men YouTube ga meg berre “Error” når eg forsøkte å laste opp. Ingen suksess det, altså. Filmen varer i litt over fem minutt og kan sjåast her.

Forøvrig er det verdt å merke seg namnet på artisten som “bidrar” med musikk i filmen. Buckethead er ein amerikansk gitarvirtuoso som har gitt ut forbausande 29 soloalbum. Han spelar mykje slags rar musikk, alt frå progressiv metal til avant-garde musikk. Det nesten kulaste med Buckethead er at han opptrer med ei heilt kvit maske, samt ei bøtte på hovudet, derav namnet. Herlig random. Ein grei introduksjon til denne merkverdige artisten er albumet Colma frå seint på 90- talet. Av enkeltsongar er Whitewash, Machete og Soothsayer å anbefale.

Ingen kommentarar

Legg att ein kommentar