Topp 5 intro-songar

Ny dag, ny bortimot meiningslaus og random liste. Slik har det visst blitt på Sundfjord.com. Denne gongen er det som nemnt før ei topp fem-rangering av beste introsongar som står for tur. Eg har berre tatt med gode, gamle teikneserie-introar som vekkjer gode minner, sidan eg først reid på nostalgibølga då eg laga lista over gamle favorittspel. Dersom eg skulle laga liste over introar generelt, måtte eg minst hatt topp trettito, mest sannsynleg med MacGyver på topp. Det kan bli ei fin liste til ein annan gong. Uansett, her er topp fem- lista mi over teikneserieintroar frå gamle dagar. Vurderinga er basert på to enkle kriterie; kor fengande og lettlært introen er, og kor god eg synest serien er/var. Meir

Ingen kommentarar

Korleis spele gamle spel

Takka vere den sjølvutnemnte mentoren min, Børge Flotve, fann me ut korleis me kan spele desse gode gamle spela som det har vore snakk om her på sida i dag. Då er det greit å kjapt fortelje korleis, slik at alle kan gjere det utan å lure på det. Meir

Ingen kommentarar

Fem fantastiske klassikarar

Det er lenge sidan eg var ung, kjennes det ut som. Det føles som ein evighet sidan eg satt på kontoret heime og spelte på den gamle datamaskina med Windows 95. Når eg ser tilbake, skulle eg ønske at eg tok vare på ei av dei gamle maskinene. Det hadde vore utruleg moro å spelt desse gamle spela igjen, sjølv om det sannsynlegvis ville blitt litt skuffande når ein ser på det me har tilgjengeleg av spel den dag i dag. Det som er kjempekjekt, er at med DOSBox går det an å køyre desse spela på nye maskiner. Uansett, dei fem favorittspela mine frå gamle dagar er følgjande. Meir

1 kommentar

Nytt prosjekt på G

Ingen kommentarar

Gokjennee

No har eg lagt til ein artig liten “like”-funksjon. Du kan altså like postane mine, akkurat som på Facebook. Det er kanskje lurt av meg å forklare kvifor det ikkje står “like” attmed “like”- knappen, men derimot Gokjennee. Uttrykket “gokjennee” kjem frå trenarelegenden Darek Marzsalek og er såvidt eg har forstått dareksk for “bra” eller liknande. Det finst fire ulike typar bruk av gokjennee. Dersom noko kan gokjennees, så kan ein og seie at det er gokjennbart. Dersom noko ikkje er gokjennbart, så kan det naturlegvis berre “ikke gokjennees”. Men viss noko er ganske gokjennbart, men ikkje heilt, så kan det “mmmmmm på en mååååte gokjennees”.

Meir

Ingen kommentarar

Eldre Eldre innlegg Nyare Nyare innlegg
wordpress stats plugin