Tekst og levande bilete frå Kristiansund og Oslo

For andre helga på rad var det duka for bortekamp for Nyborg. To stykk, til og med. Denne gongen skulle me til Kristiansund og deretter vidare til Oslo. Me reiste opp til Kristiansund på fredagen. Med loddefjordingen, gamlefar, utlendingen og alle andre på plass kunne flyet setja kursen mot Kristiansund. Me flaug i medvind og var framme på noko som må vere ny personleg rekord for piloten. Sikkert eit plaster på såret for den pottesure dusten som tok plassen til Ørjan, som var ved sida av underteikna.

Råflotte som me er, og med eit så vanvittig reisebudsjett som me i Nyborg har, tok me ein taxi til hotellet. Me budde på Rica, akkurat som sist. Rica er flotte hotell. Ikkje berre fordi dei har massevis av ting ein kan stjele med seg heim, men også fordi dei har god standard. Me oppdaga fort at me hadde blitt tildelt Deluxe- rom, med morgonkåpe og slippersar inkludert. Med morgonkåpene på og buksene av spelte medlemmane i KPF bondebridge som vanleg, medan ACA- medlemmane anten gjorde matte eller leika seg med iPhonar eller liknande. Under det første partiet bondebridge for kvelden blei det også innført ein potensiell tradisjon. Underteikna, som hadde med seg ein nett liten titommars PC, blei bedt om å setje på musikk. Spotify vart nytta til dette. Sidan me ikkje alle har lik musikksmak, vart me einige om å lage ei speleliste der me kunne slengja musikken me ville høyre på. Den vart kalla Gaylist. Det finst ein regel for korleis ein bruker Gaylist. Ein kan ikkje gå inn og sjå på songane som er på Gaylist, berre leggje til nye utan å kikke. Sidan eg er grei og linkar til spelelista, forventar eg at alle respekterer dette.

Med dei flotte songane på Gaylist friskt i minne kunne alle i KPF leggje seg til å sove søtt. Morgonen laurdag besto av ein grei frukost og ein over gjennomsnittleg grei gåtur rundt i streeten i Kristiansund. Så reiste me til hallen. Inne i hallen var me ein lengre periode, faktisk heilt til me hadde slått Kristiansund 3-0. Då gjekk me ut av hallen igjen. Dei fleste gjekk vidare til symjehallen. Her vart det konkurranse i rutsjing. Gamlefar Schei vann på tida 8.54. Dette har han påpeika overfor underteikna omlag trettisju gongar sidan helga. Det er uvisst om han har nemnt det så ofte fordi han er gammal og gløymer ting han har sagt før, eller om det faktisk er så viktig at han seie det til meg trettisju gongar.

Etter dei badande hadde fått plaska frå seg reiste me avgårde til flyplassen igjen, og slengte oss på eit fly til Oslo. Reisen gjekk så vidare til Oslo S og ned på eit Rica- hotell i nærleiken. Etter ein snøgg kebab (eller kebabab som det så fint heiter i Kristiansund), blei det nok ein solid dose bondebridge, akkompagnert av Gaylist. Etter dette gjekk sikkert dei fleste og la seg, medan underteikna og to andre ikkje navngitte spelarar som heiter Kåre og Ørjan tilbrakte første del av natta på å glo ut på gata og sjå på mange rare folk som gjorde mange rare ting. Det var definitivt ein slags underhaldningsverdi i det. Men omsider vart det køying på oss også.

Nok ein grei frukost venta oss på søndagsmorgon. Den vart etterfulgt av ein heilt adekvat gåtur. Me fekk slappa godt av på hotellet før me for avgårde til Bjørnholthallen. Me såg først UiS ta imot det over gjennomsnittleg velfortente gullet sitt. Denne hallen huska me som vanskeleg å spele i på grunn av lyset som kjem inn vindaugo. Men denne gongen var det kjekt, fordi dei fleste av oss har sakna litt skikkelig takhøgde. I Bjørnholthallen må du virkelig ta ut det du er kar for for å få eit baggerslag i taket. Kampen er det ikkje mykje å sei om, den enda 3-1 til oss. Du kan sjå samandraget av kampen her eller nederst på i posten.

Meir spanande ting skjedde det igrunn ikkje. På flyplassen før flyet var det som det alltid er. KPF spelte bondebridge, medan ACA putla på med andre ting som fekk tida til å gå. Bortsett frå Tore som returnerte til Trondheim, sette me oss på flyet, flaug heim i heilt gjennomsnittleg tempo og kom oss heim snøggast råd etter ei lang helg med to kampar, mykje reising og mykje Gaylist. Nok ei storleg vellukka helg for Nyborg VBK.

1 kommentar

1 kommentar

  1. ToreH
    Mar 28, 2010 @ 00:20:34

    Kan spesielt godkjeene scooter på slutten der!

Legg att ein kommentar