Topp 5 intro-songar

Ny dag, ny bortimot meiningslaus og random liste. Slik har det visst blitt på Sundfjord.com. Denne gongen er det som nemnt før ei topp fem-rangering av beste introsongar som står for tur. Eg har berre tatt med gode, gamle teikneserie-introar som vekkjer gode minner, sidan eg først reid på nostalgibølga då eg laga lista over gamle favorittspel. Dersom eg skulle laga liste over introar generelt, måtte eg minst hatt topp trettito, mest sannsynleg med MacGyver på topp. Det kan bli ei fin liste til ein annan gong. Uansett, her er topp fem- lista mi over teikneserieintroar frå gamle dagar. Vurderinga er basert på to enkle kriterie; kor fengande og lettlært introen er, og kor god eg synest serien er/var.

  • 5: Inspector Gadget. Ein fantastisk morosam serie. Alt det rare Inspector Gadget hadde ein.. ja, gadget for. Introen er fryktelig, ja, faktisk latterleg enkel å synge med på. Scorar eigentleg svært høgt, men får trekk på grunn av eit litt ekstraordinært forhold. Eg huska nemleg når eg gjekk på kino og såg spelefilmen om Inspector Gadget. Då var eg skuffa då. Likevel, ein heiderleg femteplass på dingseinspektøren.

  • 4:Darkwing Duck. Morosamt og spanande, ein kjempekjekk serie, sjølv om det ikkje var den eg likte best. Introen er funky sjølv den dag i dag, og ekstremt fengande. Det er ikkje mykje som er kulare enn når Darkwing seier “Let’s Get Dangerous” eit stykke ut i introen. Serien får også stort pluss for at Darkwings onde erkefiende heiter NegaDuck, noko som både muntleg og skriftleg kan oppfattast som det lett rasistiske NiggaDuck. Festlig. Uansett, med slik tøff konkurranse blir det ikkje meir enn fjerdeplass på Darkwing og NegaDuck (…)

  • 3: Pokémon, engelsk og norsk. På samme måte som DuckTales er den beste serien isolert sett, har Pokémon den soleklart beste introen. Klokka 9 på søndagsmorgon (rett meg om eg tar feil) benka eg meg som regel for å sjå Pokèmon. Iallfall introen. Det er nemleg kvaliteten på serien som hindrar Pikachu, Ash, Misty og Brock m.fl. frå å gå heilt til topps på den prestisjetunge lista. Serien var rett og slett ikkje god nok til det. Serien i seg sjølv er kanskje topp fem, men slett ikkje meir enn det. Men introen, den er konge. Både på engelsk og norsk er den kjempefengande, og har skikkelig trøkk og lettlært tekst. Denne hadde komt høgt opp på ei eventuell topp trettito-liste over introar også.

  • 2: DuckTales, norsk. Onkel Skrue, Rotor og Ole, Dole og Doffen bit godt frå seg på listene mine. Hadde denne lista utelukkande vore basert på kvaliteten på serien, hadde DuckTales gått rett til topps. Ingenting slo DuckTales slik sett. Desverre for heltane i DuckTales, er det rett og slett utruleg vanskeleg å overgå vinnaren når ein tar kvaliteten på introen med i berekninga. Den norske versjonen er knallgod, men eg syns ikkje den engelske er like bra. Likevel, eg er heilt sikker på at skaparane av DuckTales vil sei seg godt nøgd med ein fjerdeplass og ein andreplass på listene mine på berre to dagar.

  • 1: Chip’n’Dale – Rescue Rangers, engelsk og norsk. For ein serie, for ein musikk, for ein tekst. Både på engelsk og norsk. Dette er creme de lá creme. Eller noko slikt. Iallfall så er den best. Serien er kjempeunderhaldande og tar iallfall ein pallplass på det området. Introen er flott og fengande, men det som virkelig tar den hakket over konkurrentane er teksten. Linjer som “Store skurker har ofte griseflaks/Men to små ekorn, får dem i buret straks” og “For det slår aldri feil når de tar fatt/Da blir de fleste ganske matt” er ganske enkelt umogleg å overgå. Dei siste femten sekundane i den norske versjonen var forøvrig det einaste som ga meg gåsehud når eg skulle vurdere kandidatane. Så, gratulasjonar overrekkast til Snipp, Snapp, Fiksi, Monty og ikkje minst.. jo, forresten, minst, Zum-Zum!

Dette var ei vanskeleg liste. Derfor vil eg ta med nokre Honorable Mentions.

  • Bravestarr. Artig serie, fin, men litt treg intro. Artig med ein snakkande hest som ser ut til å ha eit meir intimt forhold til helten enn det som er normalt.
  • Biker Mice from Mars. Spanande serie, stilig intro. Likevel ikkje heilt fengande nok til å nå opp.
  • Freakazoid. Tidenes mest fengande i byrjinga, men varer for lenge. Forøvrig ein sinnsjukt morosam serie.
  • Digimon. Tidenes nest mest fengande og etter eit par gjennomhøyr sannsynlegvis mest irriterande. Det er også grunnen til at den ikkje er med.
  • Gummy Bears. Tihi og f9z. Übersøte hoppande bamsar. Desverre har dei lite anna å fare med enn søt hopping og ein ganske fengande og stilig intro.

Akkurat som sist er det berre å komme med innspel på om det er nokon andre introar som virkelig fortener å nemnast i denne samanhengen. Denne lista var kjapt laga, eg har heilt sikkert gløymt nokon!

Ingen kommentarar

Legg att ein kommentar