Tromsøtur

I helga reiste Nyborg på tur til Tromsø. Med siger der oppe ville serigullet vere sikra. Avreise frå Flesland var klokka 0905. Det tok underteikna bokstaveleg og møtte opp omlag 0845. Her fekk underteikna beskjed om at han var seint ute. Underteikna forsto ikkje mykje korleis han kunne vere seint ute når når det var eit kvarter til flyet gjekk. Underteikna blei ganske sur av maset og brukte flyturen opp til å vere sint og sur. Heldigvis satt underteikna åleine på flyet. Ettersom underteikna var sur, la han ikkje heilt merke til kva dei andre gjorde på på flyet, og kan dermed ikkje skrive om det. Når me mellomlanda i Trondheim, hadde underteikna rista av seg sutrefaktene, og alle var glade og nøgde. Det vart speling av bondebridge her. Underteikna, som ikkje lenger var sur, synest det sømte seg å spele eit kortspel med ordet “bonde” i når me var i Trondheim, og slutta seg såleis til KPF (KortsPelarForbundet, for dei som måtte ha gløymt det frå tidlegare referat). Her møtte me også Tore, og med hordvikbuen på plass vart bondebridge stadig meir relevant. Etter kvart var det tid for flytur vidare opp til Bodø. Her foretok me ei for oss heilt meiningslaus landing. Men ein kan vel forstå at dei få som skulle av i Bodø helst ville at flyet skulle lande.

Så gjekk endelig flyet raka vegen til Tromsø. Me tok taxi rett til hallen. Me kom i ganske god tid til hallen, og fekk tid til å leike oss litt med ball, me øvte mykje på håndballflygar, og me brukte og ein del tid på å kaste handballen på nokre gamle basketballdrakter som av ein eller annan grunn var montert fast i eit lysanlegg eller liknande som hang ned frå taket. Etter kvart var det tid for å spele kamp. Eg gidd ikkje skrive om kampen. Kampen vert nemleg oppsummert gjennom ein liten film som de kan sjå her eller på slutten av posten. Alt eg nemner er at me vann, og at me sikra seriegullet. Dette sørga for god stemning. Etter vår kamp kikka me litt på UiS sin kamp mot Tromsø Volley. Tromsø Volley var blitt mykje flinkare sidan sist me såg dei spele, og det synst me var kjekt. Likevel hadde UiS stålkontroll. Dei er jo drithøge alle saman, så det skulle berre mangle.

Så bar det endeleg heim til hotellet, der me fekk med oss omtrent heile andre omgang av Brann-Haugesund. Ikkje mykje å rope hurra for der. Etter litt avslapping gjekk rykta innad i laget om at me var invitert på fest hos Tromsø Volley- jenter. Etter å ha tenkt på forslaget over ein god kebab, blei det til at me bevegde oss til ein leilighet i nærleiken av Alfheim. Her fann me mange spenstige menneske med spenstige drikker. Sjølv bestefar Schei såg ut til å ha det triveleg her, sjølv om romkameraten hans Ole Martin glimra med sitt fråver. Sjølv utan romkamerat og med opne vindauge som forårsaka trekk kom det ikkje mange klager frå den kanten.

Etter kvart bevegde spelarar frå alle slags lag, Nyborg, Tromsø, BKT og UiS, seg nedover mot byen. Dei fleste kom seg ned i taxi, medan nokre få individ med opphav i Nyborg traska/sklei nedover. Bestefar Schei hadde tydelegvis fått føling med gikta, for han halta seg tilbake til hotellet. Ellers samla dei fleste seg på ein utestad, der spelarar frå alle laga koste seg saman. Men sjølv i Tromsø så stengte utestadane etter kvart, og folk gjekk heim. Men ein må vere ein trasig type om ein ikkje koste seg denne kvelden. Ei flott og (etter vår meining) velfortent feiring av seriegullet.

Dagen etterpå heldt frukosten åpent til 13, noko som vart svært godt motteke hos Nyborgspelarane. Me fekk også behalde rommet til 14. Veldig greitt, i og med at flyet gjekk 1645. Ventetida på flyplassen var ikkje noko problem ettersom KPF eksperimenterte med 6-manns bondebridge, medan underteikna hadde frekt og freidig funne fram ein stream av Manchester United- kampen som gjekk. Så blei det boarding på flyet, og me fekk erfare at det på Widerøe sine fly framleis er treåringar som avgjer kor stor beinplass kvart individ skal ha. Nokre trange timar seinare ankom laget Bergen att. Nok ei flott og innbringande bortehelg for Nyborg. Nedanfor finn de altså samandraget frå kampen.

Ingen kommentarar

Legg att ein kommentar