Statistikk er gøy

Google Analytics er eit deilig verktøy som viser deg statistikk over diverse ting i samband med nettsida di. Statistikk over kor mange besøkande du har hatt, kor dei har besøkt sida di frå, korleis dei har klikka seg innpå osv. Det viser seg at nokon har funne sida mi gjennom søkemotorar. Eg må sei eg sperra opp augo og lurte litt når eg såg kva folk har søkt på før dei klikka seg innpå. Her er eit lite utvalg: Meir

2 kommentarar

KUK!

Tittelen lyg litt. Eg har ikkje tenkt å skrive om mannlege kjønnsorgan. Det er vel dei fleste relativt glade for. Dei som vil lese om mannlege kjønnsorgan har vel andre kjelder til slikt. Det eg skal skrive om her er derimot det nye underhaldningsspelet for heile familien.

Meir

2 kommentarar

Are you alive? How does it feel to be alive?

Kjennarar av Metallica vil kanskje dra kjensel på tittelen. Dette er ein trademark shout frå James Hetfield når han skal få publikum til å klikke wild enda litt meir enn dei gjer under resten av konserten. Eg var på Metallica- konsert på Telenor Arena på onsdag. Eg trudde kanskje at Metallica ikkje lenger var all-time favorittgruppa mi. Der tok eg feil. Metallica er utan tvil det. Eg har berre ikkje høyrt så mykje på dei i det siste. Men eg er ganske overbevist om at det ikkje finst ei betre gruppe enn Metallica. Inga gruppe kan spele både så harde metalsongar og så mjuke, melodiøse og deilige songar. Over 25 år Metallica gitt fansen ei samling låtar som er ekstremt varierte, og ekstremt bra. Mange seier at Metallica berre var gode fram til The Black Album. Eg, som ikkje nødvendigvis er ein hardcore metal-fan uansett, synst at dei seinare albuma berre gir auka variasjon i låtmaterialet, noko som gjer dei enda bedre. Og dei tidligaste albuma er rett og slett latterlig bra. Den einaste grunnen til at eg ikkje høyrer så masse på det no, er at eg høyrte sikkert femtitre tusen gongar gjennom alle albuma då eg var yngre og har no behov for å utvide mine musikalske horisontar. Ein annan grunn til at Metallica er verdas beste band er at James Hetfield er den tøffaste mannen som eksisterer. Gløym Jack Bauer. Gløym Chuck Norris. Gløym Otte Bjelland. James Hetfield er så tøff at eg får litt vondt inni meg når eg tenker på det. Eg kunne faktisk gitt vekk ei nyre for å vere tjuefem prosent like kul som James Hetfield. Legg merke til at eg ikkje nevnte at nyra nødvendigvis måtte vere mi eiga. James Hetfield er ikkje berre den tøffaste i verda, men også ein dyktig vokalist og ein entertainer av rang. Dei andre i bandet er også så innbarka kule at ein må berre beundre dei. Sjølv om Lars Ulrich kanskje ikkje er verdas mest sympatiske menneske.

Meir

3 kommentarar

Ein avslappende prat med Dante Amaral

Til no har kun eg sjølv skreve postar på denne sida. No, etter laurdag natts hendingar, er tida komen for eit gjesteinnlegg. Æra går til den akkrediterte volleynytt-journalisten Andrej Khanevski. Khanevski, med fortid som kviterussar, fekk den store æra av å få eit latterlig uformelt intervju med den olympiske meisteren i volleyball frå Brasil, Dante Amaral. Under følgjer altså tidenes første gjesteinnlegg på sundfjord.com.

Meir

3 kommentarar

Reiseplan til Polen, redigert

Ein del av dykk har sikkert lest posten om Polen-turen eg er på akkurat no. I den posten står reiseplanen som Andrej skreiv til oss andre som skulle reise, før me reiste. Etter tre dagar av turen har hovedpoenget med heile turen gått til helvete, sjølv om det andre har vore veldig bra- Eg vil derfor gjerne gje lesarane reiseplanen ein gong til, revidert med detaljar frå korleis turen EIGENTLEG skulle vise seg å bli.

Onsdag 7. april:

Meir

Ingen kommentarar

Prev Older Entries
wordpress stats plugin