Are you alive? How does it feel to be alive?
19 Apr 2010
Kjennarar av Metallica vil kanskje dra kjensel på tittelen. Dette er ein trademark shout frå James Hetfield når han skal få publikum til å klikke wild enda litt meir enn dei gjer under resten av konserten. Eg var på Metallica- konsert på Telenor Arena på onsdag. Eg trudde kanskje at Metallica ikkje lenger var all-time favorittgruppa mi. Der tok eg feil. Metallica er utan tvil det. Eg har berre ikkje høyrt så mykje på dei i det siste. Men eg er ganske
overbevist om at det ikkje finst ei betre gruppe enn Metallica. Inga gruppe kan spele både så harde metalsongar og så mjuke, melodiøse og deilige songar. Over 25 år Metallica gitt fansen ei samling låtar som er ekstremt varierte, og ekstremt bra. Mange seier at Metallica berre var gode fram til The
Black Album. Eg, som ikkje nødvendigvis er ein hardcore metal-fan uansett, synst at dei seinare albuma berre gir auka variasjon i låtmaterialet, noko som gjer dei enda bedre. Og dei tidligaste albuma er rett og slett latterlig bra. Den einaste grunnen til at eg ikkje høyrer så masse på det no, er at eg høyrte sikkert femtitre tusen gongar gjennom alle albuma då eg var yngre og har no behov for å utvide mine musikalske horisontar. Ein annan grunn til at Metallica er verdas beste band er at James Hetfield er den tøffaste mannen som eksisterer. Gløym Jack Bauer. Gløym Chuck Norris. Gløym Otte Bjelland. James Hetfield er så tøff at eg får litt vondt inni meg når eg tenker på det. Eg kunne faktisk gitt vekk ei nyre for å vere tjuefem prosent like kul som James Hetfield. Legg merke til at eg ikkje nevnte at nyra nødvendigvis
måtte vere mi eiga. James Hetfield er ikkje berre den tøffaste i verda, men også ein dyktig vokalist og ein entertainer av rang. Dei andre i bandet er også så innbarka kule at ein må berre beundre dei. Sjølv om Lars Ulrich kanskje ikkje er verdas mest sympatiske menneske.
Det er ufattelig mange gode band. Men for meg er det ingenting som måler seg med Metallica. Eg ler av Iron Maiden, AC/DC og Kiss når eg samanliknar med Metallica. Hah! Eg håpar at Metallica kjem til å gje ut album og spele konsertar til dei er åtti. Eg er sikker på at James Hetfield er akkurat like tøff då og. Bileta til høgre er for øvrig blinkskot frå konserten, teke med bror min sin deilige HTC- telefon. Bileta avslører at me sto ganske langt framme og at me fekk sjå gutta på nært hald. Det var kult. Utruleg nok fekk eg ikkje tak i plekter, trass i at bandmedlemmane plukka plekter frå ei bøtte og pælma ut sikkert femhundre stykk. Eg fekk i det minste eit plekter frå oppvarmingsbandet Gojira. Dersom dei vert dritberømte, så skal eg skryte av at eg har eit.






omhelland
Apr 19, 2010 @ 15:49:22
Eg satt her: http://bit.ly/buLFJZ. Trur det var litt kjedeligare.
ToreH
Apr 20, 2010 @ 20:15:49
En annen grunn til at du kanskje ikke hører så mye på Metallica lenger er vel at Tokio hotel har overtatt som nye favorittbandet;)
Sundfjord
Apr 20, 2010 @ 22:18:27
Glasvegas