KUK!

Tittelen lyg litt. Eg har ikkje tenkt å skrive om mannlege kjønnsorgan. Det er vel dei fleste relativt glade for. Dei som vil lese om mannlege kjønnsorgan har vel andre kjelder til slikt. Det eg skal skrive om her er derimot det nye underhaldningsspelet for heile familien.

Dette spelet heiter KUK. Det er ikkje ein forkortelse for noko, det berre heiter KUK. Spelet vart oppfunne av mentoren min Børge på ferga mellom Anda og Lote i Sogn og Fjordane. Det er eit heilt genialt spel som både kan fungere som lettbeint tidsfordriv på ein ti minutt lang fergetur og som hovudaktivitet på ein laurdagskveld for folk som ikkje har eit liv, slik som meg sjølv. Grunnen til dette er at alt du treng er tre like myntar, helst kronestykke, og ei nokonlunde eigna speleflate. Nedanfor følgjer ei forklaring av reglane.

Hovudpoenget i KUK er at du skal knipse ein av dei tre myntane gjennom dei to andre, som vist på bileta. Neste spelar som skal knipse kan ikkje knipse den samme mynten som førre spelar knipsa. Slik held ein fram heilt til ein spelar bryt ein av KUKreglane. Når dette skjer får denne spelaren K, deretter U og til slutt K, på samme måte som i Gris. Når ein spelar får KUK, byrjar runden oppatt. Eg må for øvrig ta eit øyeblikk og reflektere over at eg akkurat no skreiv “Når ein spelar får KUK, byrjar runden oppatt.” Ein setning eg ikkje hadde forestilt meg å skrive her. Uansett. Det neste steget i forklaringa er å liste opp det som er brudd på reglane, og som dermed tildeler bokstavar til spelarane.

  • Å ikkje knipse gjennom myntane. Mynten som vert knipsa må komme HEILT gjennom luftlinja mellom myntane, på samme måte som ein fotball må vere HEILT over mållinja for at det skal bli mål.
  • Å klinke i ein av dei to andre myntane. All kontakt mellom myntane er regelbrudd.
  • Knipse mynten ut av speleflata og ned på eit eventuelt golv. Det er ein fordel å ha eit golv under bordet, då å ha eit bord utan golv i utgangspunktet er teoretisk umulig, grunna tyngdekrafta. (Teskei, much?)
  • Å flytte ræva frå din tildelte plass. Du må sitte med ræva på samme plass gjennom heile KUKøkta. Nok ein spesiell setning. Det er lov å strekke seg, så lenge ræva er på plassen din.
  • Å ikkje knipse mynten. Du må KNIPSE mynten. All form for dytting og skubbing av mynten kan, dersom samtlege motspelarar er samde, straffast med ein bokstav. Dette er fordi det er jævla morosamt når folk ikkje har kontroll på knipsinga si i det heile tatt.

Dette er basics i KUK. Dette er eit fantastisk spel, som kan spelast i alt frå timesvis til nokre minutt. Ekstremt lettbeint, ekstremt gøy. Eg ser for meg at etter dette blogginnlegget blir KUK spelt mykje verda over. Standard antal spelarar i KUK er 4-5. Sidan ein runde sjeldan varer lenger enn eit knips på kvar spelar, er det lurt å dele inn i divisjonar etter evne om det er 8 eller fleire spelarar. Dei dårlegaste spelarane kan spele AdeccoKUK, medan dei beste er med i Premier KUK. Med så god organisering og så klare reglar, ser eg for meg kjapp global spreidning av spelet. Eg antar alle lesarar kjem til å spele dette. Om de har spørsmål om reglar, kommentèr gjerne!

2 kommentarar

2 kommentarar

  1. ToreH
    Apr 26, 2010 @ 01:42:53

    Eg ser for meg at vi aldri mer kommer til å spille bonde-bridge på Nyborg-tur! Fra no av blir junioroppgaven å stille med tre mynter…

  2. Øivind
    Apr 26, 2010 @ 16:34:45

    Gleder meg til lange og (nerve)pirrende omganger med KUK på volleyballtur!

Legg att ein kommentar