Polen

Frå onsdag til tysdag morgon er eg reist vekk frå Noreg. Eg reiser til Polen for å vere useriøs og for å sjå Champions League- volleyball. Det er mange element som ligg i uttrykket å vere useriøs. Eg skal ikkje nemne dei her. Uansett håper eg å ha nokre ok morosame og interessante bilete å leggje ut når eg kjem attende. Kanskje og nokre morosame hendingar å rapportere frå. Eg reiser ilag med mentoren min Børge, Andrej, Jon Eirik og Ørjan.

Meir

Ingen kommentarar

Kjendisar som ser ut som dyr

Jamie Hyneman frå Mythbusters ser ut som ein kvalross.

Meir

Ingen kommentarar

Dei 15 mest stereotype skodespelarane

Har det ikkje hendt deg mange gongar at du har sett ein film med ein skodespelar som føler du har sett mange gongar før i liknande rollar? Det er heilt normalt. Fenomenet heiter typecasting og er svært vanleg i film og tv- bransjen. Skodespelarar får ofte liknande rollar om og om igjen pga suksess, fysiske forutsetnader eller liknande. Eg har lista opp dei 15 skodespelarane som eg føler har samme rolle kvar gong eg ser dei. Opptil fleire av desse skodespelarane er blant favorittane mine, så det er ikkje nødvendigvis noko negativt å vere på denne lista. Og eg skjer sjølvsagt ikkje alle karrierane til alle saman under ein kam, men sjølv om nokon av dei kanskje har spelt i ein del forskjellig, så hjelp ikkje det når eg huskar dei som ein/ei som speler samme rollen kvar gong.

Meir

3 kommentarar

Skrivelysten er tilbake!

Det er jammen meg heilt utruleg, men no er skrivelysten min jammen tilbake. Skrive er gøy.Så etter denne uvanleg korte skrivepausen er eg klar for å skrive nye, unyttige, uinteressante ting. Og til slutt kan ein jo nemne at den annonserte pausen kanskje hadde noko med datoen å gjere. Kanskje. Eg legg ved eit bilete av denne perverst blide beibien som illustrasjon på kor flott det er å vere tilbake. Så får me satse på at det kjem noko lesbart her snart.

Ingen kommentarar

Slutt

Etter ikkje så alt for lang tid med Sundfjord.com, har eg innsett at eg over tid neppe vil klare å halde oppe noko kvalitet som er verd å besøke sida for. Eg ser heller ikkje like mykje gleden i å ha ei side å skrive på som eg hadde for ikkje lenge sidan. Det er derfor med tungt hjarte at eg offisielt set ein stoppar for framtidig skriving på denne sida. Eg kjem til å la det eg allereie har skreve stå her, og eg seier heller ikkje frå meg domenet, i tilfelle eg skulle få lyst til å ta til å skrive ting igjen. Så for no, adjø.

Ingen kommentarar

Nyare Nyare innlegg
wordpress stats plugin