Skrivelysten er tilbake!
02 Apr 2010
Det er jammen meg heilt utruleg, men no er skrivelysten min jammen tilbake. Skrive er gøy.Så etter denne uvanleg korte skrivepausen er eg klar for å skrive nye, unyttige, uinteressante ting. Og til slutt kan ein jo nemne at den annonserte pausen kanskje hadde noko med datoen å gjere. Kanskje. Eg legg ved eit bilete av denne perverst blide beibien som illustrasjon på kor flott det er å vere tilbake. Så får me satse på at det kjem noko lesbart her snart.





