Slutt

Etter ikkje så alt for lang tid med Sundfjord.com, har eg innsett at eg over tid neppe vil klare å halde oppe noko kvalitet som er verd å besøke sida for. Eg ser heller ikkje like mykje gleden i å ha ei side å skrive på som eg hadde for ikkje lenge sidan. Det er derfor med tungt hjarte at eg offisielt set ein stoppar for framtidig skriving på denne sida. Eg kjem til å la det eg allereie har skreve stå her, og eg seier heller ikkje frå meg domenet, i tilfelle eg skulle få lyst til å ta til å skrive ting igjen. Så for no, adjø.

Ingen kommentarar

Legg att ein kommentar