Statistikk er gøy
27 Apr 2010
Google Analytics er eit deilig verktøy som viser deg statistikk over diverse ting i samband med nettsida di. Statistikk over kor mange besøkande du har hatt, kor dei har besøkt sida di frå, korleis dei har klikka seg innpå osv. Det viser seg at nokon har funne sida mi gjennom søkemotorar. Eg må sei eg sperra opp augo og lurte litt når eg såg kva folk har søkt på før dei klikka seg innpå. Her er eit lite utvalg:
- “dikt til bjørn kjos” (wtf?)
- “flesland bergen – wizzair trenger jeg telefon” (trudde vedkommande at eg kunne svare på dette?)
- “linn christin marthinussen” (det ville vel vore meir vanleg å søkt på yngve sundfjord når du faktisk klikkar deg inn på sida mi)
- “nora mannfolk” (igjen… wtf?”
- “norway, mjanger fjord, mjanger farm” (dei jakta på Manger gard, men fant berre Schteen!)
- “rett meg om eg ikkje tar feil” (kem faen søker på sånt?”
- “rybak” (idiot)
- “polen landesorg” (trur ikkje han fant det han var ute etter)
- “å vere morosam” (tar det som eit kompliment)
Folkens, hald fram med å søk på latterlege ting når de leitar etter sida mi. Dette var artig.






Jorid
Apr 28, 2010 @ 08:52:04
Bloggen vår hadde i lang tid over 70% besøkande som søkte på Hawaii på yahoo og som av ein eller anna grunn enda hjå oss. Nei, me har ikkje skrive særskild mykje om hawaii.
Linn-Christin
Jul 07, 2010 @ 06:44:30
Liker at noen faktisk har søkt på navnet Linn Christin Marthinussen.