Dødt
29 May 2010
No har det gått over ein månad sidan eg skreiv noko på denne sida. Eg ser ikkje for meg at nokon lid veldig vondt på grunn av det, men det er likevel på sin plass å orsake litt for dårleg oppdatering. Det er fleire grunnar til at det har vore så dødt som det har vore.
- Eg har ikkje gidda. Det er stress.
- Eg har ikkje hatt noko å skrive om. Eg har tross alt ikkje eit liv.
- Eg har hatt eksamensperiode, samt mykje arbeid med ei oppgåve, som du kan sjå resultatet av her. Eg er ein fantastisk skodespelar.
Snart er det ferie, og då skal det forhåpentligvis komme nokre postar om litt ymse kjekke ting her.





