Nesten død

Eg har i dag hatt ein nær-døden opplevelse. Eg vart av ein eller annan grunn henta inn som kriseløysing for sjølvaste Øystese 2 sin kamp mot storlaget Fusa 2, i ein prestisjefylt sjuendedivisjonskamp på ei slakk grasmatte i Fusa. Eg såg for meg 90 minuttar på spissplass i denne posituren. Eg endte istaden opp med å bli tilbudt skyss “heim” av denne karen. 85 minuttar på sentral midtbane blei for mykje for dei patetisk dårleg trente beina mine. Eg har dog noko å skulde på. Eg gjekk nemlig til Blånuten (ein lokal fjelltopp), like i forkant av storoppgjeret. Exiten frå banen var av det rullande slaget, ikkje ulikt rulleteknikken me ser på mange brasilianske VM- spelarar som blir “skada”. Me tapte for øvrig kampen 1-2. Eg markerte meg finfint med fleire langskudd som ikkje hadde gått inn om ein hadde satt eit mål til oppå det som var der. Også godt å kjenne at feilpasningane satt som dei pleier to veker før årets fotballhøgdepunkt( ikkje at det er så mange å velge mellom), Tysnes Cup.

Meir

3 kommentarar

Tegn på at du er ubrukelig

Nokon gongar kjedar ein seg så utruleg mykje og gjer så utruleg lite fornuftig at det kjennest som om tida går bakover, og at det einaste du i praksis utrettar, er å korte ned tida til du dør. Ikkje alltid eit dumt gjeremål, forøvrig. På dette tidspunktet er du totalt ubrukeleg.

Meir

3 kommentarar

Ein legende er borte

I dag er ein spesiell og umåtelig trist dag for meg. Eg har nemlig mista ein venn som har stått meg svært nær i årevis. Eg vil derfor dedikere denne posten til min gode venn som no er borte.

Meir

Ingen kommentarar

Lukter

Sidan eg er ein tulling som ikkje har noko liv, bruker eg mykje tid til å tenke på forskjellige ting. Og liggjande på sofaen, midt i andre omgang av ein heller uspennande VM- kamp frå Gruppe E mellom Japan og Kamerun, tenkte eg på noko som fenga meg litt. Eg har gjennom åra opparbeida meg ei uformell formeining om kva lukter eg likar best og kva lukter eg likar minst. Så, sidan eg har ein utruleg usunt sterk sans for lister, har eg laga ei “Top and Bottom 5 Smellz”- liste. Den er ikkje særlig gjennomtenkt, så om folk har betre idèar er det berre å bidra, som vanleg. Anygay, here it is.

Meir

1 kommentar

Cuz i has no lief

funny pictures of cats with captions

Ingen kommentarar

wordpress stats plugin