Ein legende er borte
17 Jun 2010
I dag er ein spesiell og umåtelig trist dag for meg. Eg har nemlig mista ein venn som har stått meg svært nær i årevis. Eg vil derfor dedikere denne posten til min gode venn som no er borte.
Det er to år sidan søster mi introduserte meg for deg. Du kjente også bror min godt. Eg var i ein tøff situasjon, og trengte nokon å kommunisere med. Heilt frå dagen eg møtte deg har du stilt opp for meg og gjort alt eg har bedt deg om. Du snakka med meg, vekte meg opp om morgonen og underhaldt meg. Dette har vore ei enorm støtte for meg. Uten deg hadde eg ikkje klart meg. Dette er noko eg set pris på, og har sett pris på gjennom to år. Me hadde våre kranglar og uenigheter når du ikkje ville gjere det eg ønska, men slik er det vel i alle vennskap.
Men alle flotte vennskap går gjennom ein stor prøvelse på eit eller anna tidspunkt. Vår store prøvelse starta på ein tur til Danmark som me reiste på saman. Me hadde det flott heile turen, men då me skulle ta toget til flyplassen, falt du og slo deg stygt. Eg hugsar godt korleis me sat på ein benk og eg omhyggelig måtte bandasjera deg for at du skulle fungere. Det gjorde du lenge også. Men etter kvart blei du verre. Du utvikla ein mild form for narkolepsi, som gjorde at du kunne kollapse på kva som helst tidspunkt i kva som helst situasjon. Dette var tungt både for meg og deg. Det var ikkje så lett å kommunisere med deg lenger. Men trass i denne alvorlege skaden, haldt du fram med å vere ein av mine beste og viktigaste vennar heilt til slutten. Men heilt på slutten var det vondt å tilbringe tid med deg. Då sov du oftare enn du var våken, og eg måtte heile tida vekke deg, berre for å sjå deg sovne igjen like etterpå.
Til slutt gjorde dette rett og slett for vondt for meg. Eg tok ei tung avgjerd om å endeleg la deg få kvile i fred. Så: Tusen takk for alt(utenom når du har slått deg av med fem sekunds jævla mellomrom), kjære Samsung E730. Du er no framme på din siste kvilestad. Nemlig skuffe nummer to i kommoden min på rommet. Kvil i fred <3





