Lukter

Sidan eg er ein tulling som ikkje har noko liv, bruker eg mykje tid til å tenke på forskjellige ting. Og liggjande på sofaen, midt i andre omgang av ein heller uspennande VM- kamp frå Gruppe E mellom Japan og Kamerun, tenkte eg på noko som fenga meg litt. Eg har gjennom åra opparbeida meg ei uformell formeining om kva lukter eg likar best og kva lukter eg likar minst. Så, sidan eg har ein utruleg usunt sterk sans for lister, har eg laga ei “Top and Bottom 5 Smellz”- liste. Den er ikkje særlig gjennomtenkt, så om folk har betre idèar er det berre å bidra, som vanleg. Anygay, here it is.

Top 5:

  • 5. Nyvaska sengetøy. Mmmm. Det er alltid ubeskrivelig deilig når ein har bytta sengetøy. Det er jo alltid eit ork å skifte slikt når ein berre vil legge seg. Men når han ein har skifta, merkar ein skilnaden frå det to måneder gamle sengetøyet og det nye, deilige. Det er litt teit å sei at det luktar godt, fordi det er ikkje akkurat snakk om jævla mykje lukt, men åkkesom, det tel som ei lukt.
  • 4. Tullesos. Eg kunne sikkert skreve om mange matrettar som luktar dritgodt, men eg er spesielt superfan av det me i Sundfjord-heimen kallar tullesos. Eg hugsar ikkje på liggjande (sjølvsagt) fot kva det er andre, teite folk kallar det, men det er iallfall ein feit, kvit sos med masse enda feitare pølse og flesk oppi. Det er heilt ubeskrivelig dritgodt, og me har det så sjelden at eg må nesten gå og skifte bukse når eg kjenner lukta av det.
  • 3. Kakao om vinteren. Det er Noreg. Det er femtito minusgrader ute, og du har nettopp trynt på isen og er seriøst drittkald og ekstremt episk forbanna. Så kjem du inn, og lukta av varm kakao slår mot deg. Då er det vinter. Og når lukta slår mot deg, så går det opp for deg at du er inne og slepp kulden. Gullstjerne i margen då kakaoen etter all sannsynlighet smakar dritgodt.
  • 2. Kvinneparfyme. Klisjè. Men dayum, kvinner med god parfyme er nais. Nå er såklart begrepet god parfyme avhengig av smak. Og eg anar ikkje ka min smak er. Men eg merkar det om eg likar den. Og gjer eg det, så er det nesten like god lukt som nummer 1.
  • 1. Nyslått bakke/plen. Kanskje litt vanskeleg å forstå for byfolk eller folk som ikkje har opplevd denne fantastiske eimen, men still. Det er ikkje berre lukta i seg sjølv, men minnene og kjenslene som blir assosiert i samband med denne lukta som fører den til toppen av denne prestisjetunge lista. Når eg fer forbi ein traktor med forhaustar og vogn som slår graset og blandar det med maursyre, er lukta eit soleklart teikn på sommar, i tillegg til at det luktar vidunderleg, og minnar meg om gode gamle dagar då eg deltok i slåtten på Tufta. Soleklar vinnar. Me (les: eigentleg berre eg) gratulerer.

Bottom 5:

  • 5. Nye skulebøker. Det er to grunnar til at eg ikkje kan fordra lukta av nye skulebøker. Ein er at bøkene sikkert var totally overprized. Nummer to er at dei heilt sikker er dritkjedelige, og eg må lese i dei mot min vilje. Agh!
  • 4. Spy. Enkelt og greitt. Det er mange kroppsvæsker og substansar som er skikkelig grapsne, men spy er det som stinkar verst. Og sidan det kjem ut munnen, er det jo fort lettare å oppfatte lukta av det. På detaljnivå er magesyrespy ein klar favoritt.
  • 3. Zalo. Kanskje eit litt rart valg. Zalo luktar jo eigentleg godt. Men det er det som er problemet. Zalo bruker ein nemleg når ein skal vaske opp. Og eg hatar virkelig ekstremt jævlig inderlig å vaske opp. Derfor kjem Zalo høgt på lista. Skikkelig masse hatar eg å vaske opp. Eg droppar seriøst heller et måltid enn å måtte vaske opp.
  • 2. Ostepop/Tåfis. De trur kanskje at eg ikkje klarte å bestemme meg for kva lukt eg likar minst? Wrong, lusers. Eg berre oppfattar lukta av desse to til å vere ganske så identisk. Eg har seriøst spydd av å lukte på både tåfis og ostepop. Og spy er jo også på lista mi, så det gjer jo ikkje akkurat saken jævla mykje betre.
  • 1. Mygl. Fleire grunnar til at mygl er det verste. For det første er jo lukta aldeles forferdelig. For det andre betyr mygl at eg sannsynlegvis har latt noko stå aaltfor lenge. Det betyr også at eg må ta i det. Må eg ta i det, må eg kaste det. Må eg kaste det, er sjansen der for at eg må gå ut med bosset, og det avskyr eg, for då må eg gå langt. (drøyt ti meter til saman) Alternativt må eg vaske myglet ut. Og eg har jo allereie forklar kor mykje eg grisehatar oppvask. Og når eg må vaske det ut, må eg jo i tillegg stå og lukte på det heilt til eg er ferdig. Gratulerer til mygl, ein verdig vinnar!(?)

1 kommentar

1 kommentar

  1. janne
    Jun 15, 2010 @ 17:31:11

    Hahah :) eg er egentlig veldig enig i denne listen! Bortsett fra at eg ville satt spy som nr 1! Æsj :(

Legg att ein kommentar